Etter § 32 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt er det fastsett ein frist på 14 dagar etter at jakta er slutt for å senda inn rapportane, dermed må dei leverast/sendasat innan 6. januar.

Fellingsrapporten, både for hjort og rådyr, skal fyllast ut og underteiknast av den valdansvarlege og sendast/leverast til viltforvaltninga på adresse: Holmedalsvegen 227, 5453 UTÅKER. Fellingsrapportar kan gjerne sendst som e-post til : leiv.trygve.varanes@knett.no. Her kan ein òg senda/levera kjevar, gjerne i løpet av hausten, om det ikkje høver å levera dei på innsamlingsturane som vil bli annonsert etter jakta.

Vektskjema skal òg fyllast ut og sendast inn, dette er for å letta arbeidet med å fastsetja rette fellingsavgifter. Alle dyr som ikkje er meir enn 35 kg slaktevekt skal betalst som kalv. Registrering på settogskutt.no erstattar berre utfylling av papirutgåva av sett hjort og ikkje innsending av fellingsrapport og vektskjema.