Foreldrebetaling

På denne sida finn du informasjon om maksimalpris, foreldrebetaling, søskenmoderasjon, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for barn i hushald med låg inntekt. Vidare finn du krav til dokumentasjon,  søknad og søknadshandsaming, og lenkje til regelverk.

Det er nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling for barnehageplass, jf. Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Ordninga går ut på at ingen skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Inntektsgrense vert til ei kvar tid fastsett av regjeringa. 2-, 3-, 4- og - 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushald med låg inntekt, har rett til gratis kjernetid 20 t/v. 

Reduksjon i betalingar

Me har ulike ordningar for redusert foreldrebetaling. Du må søkja om dette kvart barnehageår. 

Inntektsgrense frå august 2023

  • Har du/de barn i barnehage, og hushaldet har samla inntekt under kr 550 000,- kan du/de søke om redusert foreldrebetaling.
  • Har du/de barn i barnehage som er 2-5 år, og inntekt under kr 615 590,-  kan du/de søke om gratis kjernetid.

Ordningane er søknadsbaserte og det kan søkjast for eitt barnehageår om gangen. Foreldrebetaling skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige inntekt. Både person- og kapitalinntekt skal reknast med.

NB! Søknadar for barnehageåret 2023/2024 vil bli handsama når skatteoppgjeret for 2022 er ferdig. Me hentar skatteoppgjeret elektronisk når det er klart. Dersom me skal handsama søknadane før skatteoppgjeret er klart, kan de sjølv senda inn skattemeldinga for 2022. 
 

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld for eitt barnehageår.

For søknadar som kjem inn før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret. Vert søknad sendt etter 1. august gjeld vedtak frå fyrste heile månad etter tidspunkt det vart søkt og ut barnehageåret.

Du søkjer om redusert foreldrebetaling via Foreldreportalen.

Rettleiing til redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert

 

Krav om dokumentasjon:
Kommunen hentar sjølv inn gjeldande skattemelding. Dersom du har betydeleg nedgang i inntekt i forhold til siste skattemelding, må du senda inn dokumentasjon på dette.

Døme på slik dokumentasjon:

For arbeidstakar:

  • Kopi av dei tre siste lønnsslippane frå arbeidsgjevar. Desse må visa endring i årslønn samanlikna med skattemeldinga
  • Ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram
  • Ved permisjon utan lønn skal dette dokumenterast

For sjølvstendig næringsdrivande:

  • Stadfesting frå rekneskapsførar/revisor på forventa årsinntekt
  • Husk: Både personinntekt og næringsinntekt skal takast med i berekninga

For arbeidsledige:

  • Kopi av siste utbetaling frå NAV

For studentar:

  • Kopi av studentbevis eller stadfesting frå skulen om skuleplass
  • Dokumentasjon på overgangsstønad

For personar med sosial stønad og flyktningar:

  • Kopi av siste utbetaling av introduksjonsstønad/kvalifiseringsstønad
  • Om sosialhjelp/flyktninghjelp er einaste ”inntektskjelde”, skal det liggja føre stadfesting på dette frå sosialkontoret/flyktningkontoret.

Søknaden må innehalda informasjon om kven som er i hushaldet. Sjå definisjon av hushald og sambuar under overskrifta omgrep.

Søskenmoderasjon

Har du fleire barn i barnehage i same kommune, vil du ha rett til søskenmoderasjon. Du har rett til søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i privat eller kommunal barnehage.

Søsken må bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik:

For første barn må du betala vanleg pris.

For barn nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon

For barn nummer tre og oppover er barnehagen gratis frå 01.08.2023.

Merk at du ikkje treng søkja om søskenmoderasjon. Han vert berekna automatisk.

Måltid/Frukt/Drikke - kommunale barnehagar

Barnehagen serverer mjølk og vatn til måltida. Barn som er allergiske mot mjølk, får anna høveleg drikke. Barnehagane avgjer i samråd med foreldre om det skal vera tilrettelagte måltid og/eller frukt i barnehagen. Dette gjeld også omfang.

Det er lik betaling for likt tilbod i kommunale barnehagar. Satsar for måltid vert fastsett av kommunestyret. Alle prisar gjeld for heildagsplass 5 dagar i veka. Redusert barnehagetilbod tilseier prosentvis redusert betaling. Betaling for mat og drikke vert fakturert i lag med betaling for barnehageplass.