Vi er ei eining sett saman av lærarar, miljøterapeutar og programrettleiarar som arbeider med vaksenopplæring og integrering.  Vi samarbeider tett for at brukarane våre så raskt som mogeleg skal lære norsk, bli integrerte i samfunnet, bli deltakarar i arbeidslivet og/eller gå vidare med utdanning.

Per januar 2021 har eininga om lag 60 elevar frå 20 ulike nasjonar. Formålet for opplæringa er at elevane skal nå eit dugleiksnivå i norsk som gjer det mogleg å bruke språket i arbeids- og samfunnslivet, eller bygge vidare på kompetanse i utdanning.

Vi har kurs på B1/B2-nivå, A2-nivå, A1-nivå, ei alfabetiseringsgruppe, spesialundervisning og grunnskule for vaksne.