Kommunen sitt ansvar
Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, får nødvendige helse og omsorgstenester. Ansvaret gjeld alle pasient og brukargrupper, som personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skader eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.

Tenesta
Helsetenester i heimen blir gitt til personar i eigen heim ut frå fysiske eller psykiske årsaker. Ein føresetnad for å få hjelp i heimen, er at søkjar sjølv ikkje kan oppsøkja tenesta.

Tenesta kan vere:
* Opplæring og vegleiing i høve til meistring av sjukdom
* Hjelp i høve til å ivareta eigenomsorg
* Hjelp i høve til medikament
* Oppfylging av ulik behandling når brukar ikkje kan møte hos fastlege for å ivareta dette (eks. sår, injeksjonar)
* Pårørandestøtte
* Omsorg ved livets slutt

Tenesta vert tildelt på bakgrunn av individuell vurdering. Ved behov for tenesta ut over 14 dagar vert tenesta ytt på bakgrunn av enkeltvedtak. Tenesta har ikkje eigenbetaling.

Skjema finn du her
Søknadsskjema for helse og omsorgstenester

Informasjon om dei ulike einingane som gir denne tenesta
Heimetenester nord og sør
Bu- og habilitering nord og sør
Rus og psykiske helsetenester