Ferietilbod i haust- og vinterferie i tillegg til før og etter skuleåret (juni og august) er lokalisert ved skulande på Halnøy, Valen, Sunde, Uskedalen, Undarheim og Malmanger.
Ferietilbod i jule- og påskeferie er samlokalisert på Undarheim skule og Malmanger skule. For å oppretta SFO-tilbod i feriane er det krav om 6 elevar ved kvar av tilboda.

Påmelding og oppseiing
Søknadsfristen for hovudopptak er 1.mars. Søknadsfrist for ferietilbod er 1. mars for ferietilboda som er frå første kvardag etter 1.aug t.o.m. 23. desember, og 1. november for ferietilboda som er frå vinterferien og ut juni månad. Ein kan søke seinare, men er då ikkje garantert plass. Her finn du søknadsskjema. Opptaket gjeld til plassen blir endra eller sagt opp. Ein treng ikkje sei opp SFO-plassen etter 4. trinn - det skjer automatisk.

Hatlestrand barne- og ungdomsskule er heildagsskule, her skal ein ikkje søkja SFO.