Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk helse, fysisk helse og sosiale forhold. Det helsefremjande og førebyggande arbeidet omfattar helseopplysning, vegleiing, helseundersøking og vaksinasjon.
Telefonnummer helsestasjon i Kvinnherad: 53 46 16 20
Helsestasjonsteneste for barn 0 - 5 år
Helsestasjon for barn 0- 5 år er eit gratis tilbod til barn og foreldre i Kvinnherad kommune. På helsestasjonen kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar og lege.
Helsestasjon 0 - 5 år er for alle barn frå dei er fødd til dei startar på skulen. I løpet av denne tida får dei tilbod om 14 konsultasjonar på helsestasjonen. Fyrste konsultasjon er heimebesøk til nyfødde.
Nokre konsultasjonar er lagt opp til å vera gruppekonsultasjonar. Du vil få meir informasjon om organiseringa av barselgruppene på din helsestasjon.
Det vert avtala ny konsultasjon for barnet frå gong til gong, eller ein vert kalla inn per SMS eller post.
Helsestasjonen skal vera eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod for barn og foreldre. Vi nyttar tolk om du har behov for det.
Du kan ta kontakt med oss utanom faste avtaler. Sjå kontaktinformasjon.
Lov om pasient og brukarrettigheter, § 6 –1, gir barnet ditt rett til konsultasjonar på helsestasjonen. Som forelder har du ei plikt til å sørge for at barnet får konsultasjonane sine. Oppfylginga helsestasjonen tilbyr, bidreg til at barnet får sine rettigheter oppfylt.
Helsestasjonen samarbeider med mellom anna fastlege, fysioterapeut, psykisk helsearbeidar, psykolog, tilsette i barnehage, barnevern, PPT og tiltak og ressurs, etter behov. Me har teieplikt og samarbeidet skjer etter samtykke frå føresette.
Helsestasjonen ynskjer å vera ei støtte for foreldre, gjere dei trygge i foreldrerolla og bidra til at barn får ei trygg og god oppvekst. Helsesjukepleiar gjev foreldrerettleiing og snakkar med alle om samspel, ernæring, søvn, rusbruk, vald og omsorgsvikt.
Du kan ta opp det du sjølv har behov for å snakke om. I dei fleste konsultasjonane vil helsesjukepleiar snakke med foreldre om barnet sitt kosthald, søvn, trivnad, samspel, miljø og sikkerhet og foreldra sin psykiske og fysiske helse.
Barnet vert veid og målt avkledd/lett avkledd på faste konsultasjonar og når foreldre ynskjer det.
Helsestasjonen gjev tilbod om vaksine til barn etter det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.
Har barnet ditt feber, utslett eller oppkast/diare ber vi deg i tilfelle om å avlyse dagens avtale. Grunna smittefare ynskjer vi ikkje sjuke born på helsestasjonen. Tenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytta fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd om føresette er usikre på om barnet sine symptom og behov for legevurdering.
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år. Skulehelsetenesta har mellom anna som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane, noko som har sterk samanheng med elevane sin helsetilstand. God helse er utgangspunktet for trivsel, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet.
Skulehelsetenesta arbeider målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesøster på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ynskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Elevane kan få råd og rettleiing, og vi gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Vi tilbyr også samtale og oppfølging av elevar. Ved ulike vanskar og utfordringar, og foreldrevegleiing til dei som ønskjer det. Vi gjer avtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtaler.
Helsesøster kan m.a. gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Vi kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det. Etter kartlegging hjå helsesøster kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Vi har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller eventuelt eleven sjølv.
Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv. Skulelege, psykolog, psykisk helsearbeidar for barn og unge mm kan delta i deler av undervisninga. I følgje Lov om pasient og brukarrettighetar, § 6-1 har barn rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontrollar i den kommunen barnet bur og oppheld seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltar i helsekontrollar.
Skule |
Kven |
TELEFON |
|
SKARVELAND SKULE |
Elin Eskeland |
476 19 208 |
|
VALEN SKULE |
Monica Tofte |
984 54 054 |
|
SUNDE SKULE |
Ann Katrin A. Haugland |
948 43 731 |
|
HALSNØY SKULE |
Ann Katrin A. Haugland |
948 43 731 |
|
ØYATUN Ungdomskule |
Anne Marthe G. Zimmer |
902 13 586 |
|
KVV |
Gørill S. Eik |
476 13 819 |
|
UNDARHEIM skule |
Solgunn Lyhammer Aske |
909 68 781 |
|
HUSNES Ungdomsskule |
Gunn Heidi Eikemo Steine |
941 65 714 |
|
Bringedalsbygda skule |
Linda Saghaug |
903 68 361 |
|
Uskedalen skule |
Linda Saghaug |
903 68 361 |
|
Omvikdalen skule |
Linda Saghaug |
903 68 361 |
|
Malmanger + Mauranger |
Anne Marthe Guddal Zimmer |
902 13 586 |
|
Rosendal ungdomsskule |
Solgunn Lyhammer Ask |
|
|
Hatlestrand barne – og ungdomsskule |
Anne Marthe Guddal Zimmer |
902 13 586 |
|
Ølve Montessori skule |
Elin Enes |
913 27 587 |
|
Åkra skule |
Elin Enes |
913 27 587 |
|
|
|
|
|
Helsesjukepleiarar ved dei ulike helsestasjonane:
Rosendal helsestasjon: Elin Enes og Ingunn Jensen
Husnes helsestasjon: Gørill S. Eik, Ann Katrin Aksnes Haugland, Line S. Holmedal
Halsnøy helsestasjon: Elin Eskeland
Reisevaksinering/yrkesvaksinering/tuberkulosekontroll: Elin Enes, Elin Eskeland (onsdag, Husnes helsestasjon).
Helsestasjon for ungdom
På helsestasjon for ungdom kan ungdom mellom 13 og 20 år få råd og rettleiing om alt som opptar dei. Her kan ein og gje råd om å oppsøke andre hjelpeinstansar, som skulehelsetenesta, barnevern, fastlege eller spesialist.
Døme på emne du kan ta opp:
- Spørsmål om kroppen
- Hudproblem
- Problem på skulen
- Du kjenner deg trist og einsam
- Parforhold
- Seksualitet generelt
- Homofili
- Rus og rusmisbruk
- Røyking
- Graviditet
- Menstruasjonen
- Slanking og etevanskar
- Psykiske vanskar
- Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien
Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
- Reseptar og anna behandling for helseproblem
- Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
- Prevensjonsrettleiing og prevensjon
- Testing med tanke på kjønnssjukdomar
- Graviditetstest
Helsestasjonen er bemanna av helsesøster og lege. Tilbodet er gratis for ungdom opp til 20 år.
HUGS! Me har teieplikt.
Opningstid
Me har opent torsdagar får kl 14.00 til 16.00. Det er stengt i skuleferiar.
Stad:
Husnes Tenestesenter
Barn og Familie
Sentrumsvegen 29
5460 Husnes
Du treng ikkje tinge time for å nytte helsestasjon for ungdom.
Kurs - Tidleg innsats for sunn livsstil
Tilbod til familiar med barn i 1-3 klasse med overvekt og/eller livsstilsutfordringar. Det vert undervisning mellom anna i kosthald, grensesetting og fysisk aktivitet gjennom ti samlingar med oppstart hausten 2019. Sjå brosjyren vår for meir informasjon: Tidleg innsats for sunn livsstil.pdf
Kontaktinformasjon
Fellesnummer for alle helsestasjonane: 53 46 16 20
Husnes tenestesenter:
Sentrumsvegen 29
5460 Husnes
Opningstider: 8.00 - 15.30
Husnes helsestasjon:
Line S. Holmedal (leiande helsesjukepleiar): 918 50 265
Ann Helen Lyngnes (helsesjukepleiar): 904 08 304
Ann Katrin Aksnes Haugland (helsesjukepleiar): 948 43 731
Sindre Jensen (barnelege, tysdagar): 476 72 385
Jordmortenesta:
Hildegunn E. Aarthun (jordmor): 916 34 021
Irene H. Haavik (jordmor): 977 86 549
Idun Mehl (jordmor): 959 33 579
Utekontor:
Halsnøy helsestasjon
Elin Eskeland (helsesjukepleiar): 476 19 208
Oddvar Larsen (helsetasjonslege og skulelege, torsdagar).
Sæbøvikvegen 90
5454 Sæbøvik
Opningstider: 8.00 - 15.30
Rosendal helsestasjon
Ingunn S. Jensen (helsesjukepleiar): 970 74 678
Elin Enes (helsesjukepleiar): 913 27 587
Runar Braut (helsestasjonslege og skulelege, tysdagar)
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal
Opningstider: 8.00 - 15.30
Hatlestrand helsestasjon
Solgunn Lyhammer Ask: 909 68 781
Vita Øyerhamn (helsestasjonslege og skulelege, torsdag partalsveker)
Tongavegen 20
5635 Hatlestrand
Opningstider: Torsdag partalsveker: 8.30 - 14.15