Kommunen sitt ansvar
Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, får nødvendige helse og omsorgstenester. Ansvaret gjeld alle pasient og brukargrupper, som personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skader eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.

Tenesta
Praktisk bistand vert gitt til den som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt eller delvis avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å kunna meistra dagleglivets gjeremål

Tenesta kan vere:
* Vegleiing, opplæring eller direkte hjelp med reinhald av eigen bustad
* Vegleiing, opplæring eller direkte hjelp i høve til måltid
* Vegleiing, opplæring eller direkte hjelp med vask av tøy
* Vegleiing, opplæring eller direkte hjelp til eigenomsorg

Tenesta vert tildelt på bakgrunn av individuell vurdering og vert ytt på bakgrunn av enkeltvedtak. Tenester som er ut over direkte personhjelp har eigenbetaling.

Aktuelle lenker
Søknadsskjema for helse og omsorgstenester
Eigenbetalingssatsane

Informasjon om dei ulike einingane som gir denne tenesta
Heimetenester nord og sør
Bu- og habilitering nord og sør
Rus og psykiske helsetenester