Siste: Nytt smittetilfelle - 26. mars

Onsdag kveld, 25. mars,  vart det påvist eit nytt smittetilfelle av koronavirus i Kvinnherad kommune opplyser kommuneoverlege Glenn A. Opland. Nærkontaktar vert testa i dag.

Dette er det tredje smittetilfelle som er påvist i Kvinnherad kommune.

Vidarefører koronatiltak (25. mars)

Tysdag ettermiddag, 24. mars opplyste regjeringa i ein pressekonferanse om at dei vidarefører alle koronatiltaka til over påske, til og med 13. april. 

Kva dette inneber kan du lesa her.

Dei tiltaka som er innført i Kvinnherad kommune for å motverka spreiing av koronasmitte vert vidareført til og med 13. april. Kvinnherad kommune vil så snart som mogleg oppdatera gjeldande vedtak til å harmonera med nye føringar frå regjeringa.

Det er framleis viktig å hugse på god hoste- og handhygiene, samt halda avstand til folk.

Ute i det offentlege rom bør ein ha minst ein meter avstand til andre menneske. Når ein er ute på tur bør ein ikkje vera meir enn fem personar saman i gruppe - med unntak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør ein ha minst to meter avstand til kvarandre, med unntak av dei som er i same familie/same husstand.

Veke 12

Nytt smittetilfelle (20. mars)

Torsdag kveld, 19. mars, fekk kommuneoverlege Glenn A. Opland stadfesta eit tilfelle nummer to av koronasmitte i Kvinnherad.

Alle nærkontaktar og potensielle nærkontaktar er orienterte om dette.

Opland oppmoder folk om å framleis vera flinke med hand- og hostehygiene, halda avstand til folk på butikkar og liknande, samt respektera dette med å ikkje samlast mange. Vidare takkar han innbyggjarane for innsatsen de gjer.

Treng du hjelp frå frivilligsentralen? (torsdag 19. mars)

Mange frivillige har meldt seg og me står klare for å hjelpa dei som treng hjelp frå oss. Me ønsker å ha låg terskel for kontakt, og du er velkomen til å ringa oss om du lurer på noko eller om du ønsker nokon å snakka med. Me har sett opp nokre oppgåver me ser for oss å bidra med, men dersom du har andre oppgåver er du velkomen til å ta kontakt - så prøver me å hjelpa så langt det lar seg gjera. Alle dei frivillige har etisk og moralsk teieplikt og må signere på dette digitalt.

Kva oppgåver tilbyr frivilligsentralen

 • Køyre varer frå daglegvarebutikk til kunde

• Køyre apotekvarer frå Apotek til kunde 

• Lufte hund 

• Telefonven (alternativ for besøksven)

Dei frivillige: 

Alle frivillige har eit sjølvstendig ansvar for å vurdera om ein bør hjelpa i aktiviteten. Alle må samtykka til at Kvinnherad frivilligsentral registrerer personopplysningar. Alle har etisk og morals teieplikt. Samtykke vert gjeve elektronisk.

• Må ikkje ha symptom på sjukdom

• Må ikkje vera i karantene

• Må ikkje vera over 65 år eller i risikogruppa

• Kan ikkje ha vore på reise utanfor Noreg etter 27. februar 2020

• Må vera fylt 18 år

Instruksar:

Dei frivillige får klare instruksar frå frivilligsentralen

Dei frivillige får utlevert hanskar og antibac

Organisering av frivillige:

Me organiserer dei frivillige i kvinnherad.friskus.com

Identifikasjon:

Frivillige får digitale id kort frå Frivilligsentralen

Kontaktinfo til Kvinnherad frivilligsentral:

Veronica Thorkildsen Thorsen Tlf. 90076543 Epost: veronica.thorsen@kvinnherad.kommune.no

Trude Rørdal Tlf. 47634172 Epost: trude.rordal@kvinnherad.kommune.no

Anja Thunold Tlf. 96046848 Epost anja.thunold@kvinnherad.kommune.no

Kulturtilskot - utsett frist og behandling (torsdag 19. mars)

Kulturtilskota i Kvinnherad kommune hadde søknadsfrist 15. mars. Nett før fristen gjekk ut fekk vi fleire meldingar frå lag om korleis dei skulle forholde seg, blant anna til krav om godkjent årsmelding. Vi har òg fått melding om nokre som grunna den ekstraordinære situasjonen ikkje har vore i stand til å søkje innen fristen.

Med bakgrunn i dette opnar kulturkontoret i Kvinnherad kommune for at lag og organisasjonar som ikkje har fått søkt tilskot innan fristen 15. mars, kan gjere det med utsett frist til 15. april.

Nokre av tilskotsordningane krev protokoll frå årsmøte. Dei som grunna situasjonen ikkje har kunna gjennomført ordinært årsmøte oppmodas til å finne andre løysingar for å grunngje søknadane.

Alle politiske møte er utsett inntil vidare, også møtet i Levekårsutvalet, som behandlar dei av ordningane som krev politisk behandling. Kulturkontoret søkjer å finne ei løysing for dette, slik at ein i størst mogleg grad kan unngå forsinka utbetaling. Dei ordningane som skal behandlast administrativt, vil bli ferdigbehandla snarast mogleg etter ny frist 15. april.

Kulturtilskota i Kvinnherad kommune er foreløpig ikkje påverka av den såkalla «Krisepakka» til kultur og idrett, som regjeringa har lansert.

Om du treng råd eller meir vegleiing for bruk av rett ordning, kan de ringje eller sende epost til:

Anita Lykkja, kulturkonsulent mob nr 924 95 819, anita.lykkja(at)kvinnherad.kommune.no
Kristian Helgesen, idrettskonsulent mob nr 991 69 403, kristian.helgesen(at)kvinnherad.kommune.no

Opphald på fritidseigedomar (torsdag 19. mars)

Det er no vedteke sentralt at det er forbod mot opphald på fritidseigedom i anna kommune enn heimstadkommunen.

Kvinnherad kommune vonar at du som har hytte eller fritidshus og som ikkje har bustadadresse i Kvinnherad respekterer dette forbodet og ynskjer dykk alle velkomne attende når forbodet er oppheva.

https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-03-15-294

Plan for gravide sitt helsetilbod (onsdag 18. mars)

Kommuneoverlegen tilrår følgjande oppfølging av gravide under covid-19 pandemi:

Første kontroll (v 6-12): Vert utført av lege. Blodprøver og ultralyd vert rekvirert av lege.

Veke 12-18: Telefonkontakt jordmor der en sikrar at naudsynt informasjon om helse og levesett vert formidla.

Veke 18: Rutine Ultralyd (spesialisthelsetenesta)

Veke 24: Konsultasjon hos jordmor på kontor så lenge pasient ikkje har symptom på Covid-19.

Veke 28: Konsultasjon hos jordmor på kontor  så lenge pasient ikkje har symptom på Covid-19

Veke 32: Konsultasjon hos jordmor på kontor så lenge pasient ikkje har symptom på Covid-19

Veke 36: Konsultasjon hos jordmor på kontor så lenge pasient ikkje har symptom på Covid-19

Veke 38: Konsultasjon hos jordmor på kontor så lenge pasient ikkje har symptom på Covid-19

Veke 40: Konsultasjon hos jordmor på kontor så lenge pasient ikkje har symptom på Covid-19

Følgeteneste: Vert opprettholdt

Om pasient har symptom eller mistanke om at ho kan ha covid-19 infeksjon, skal anbefala smitteverntiltak gjennomførast.

Sjå vedtaket her.

Reduserer tenestetilboda på helsestasjonane (onsdag 18. mars)

Frå og med tysdag 17. mars vil helsestasjonane på Husnes, Halsnøy, Rosendal og Hatlestrand reduserere tilbodet på helsestasjonane i tråd med nasjonale råd om å redusere smitterisiko og hindre spreiing av koronaviruset. Oppfølging av nyfødde vert prioritert, 6 vekers kontroll hos helsesjukepleiar og lege, samt barnevaksinasjonsprogrammet. Grvaide for òg eit redusert tilbod. Helsestasjon for ungdom og reisevaksinasjonskontoret er stengd inntil vidare.

Meir informasjon finn du i vedtaket, som kan lesast her.

Psykisk helse - barn og unge (tysdag 17. mars)

Psykisk helse for barn og unge er tilgjengeleg på telefon. Her kan barn, unge og foreldre ta kontakt. 
Ein treng ikkje vere tilmeldt tidlegare.
Telefonnummer:
Anne Margrethe Vangsnes: 416 54 603
Siv Karin Stensletten: 481 93 521
Sturla Helland: 970 24 320

Barnevernvakttelefon - 97610100 (tysdag 17. mars)

Vi veit at det å gå i barnehage/skule, delta i fritidsaktivitet er ein viktig beskyttelsesfaktor for mange av dei barna som barneverntenesta føl opp. Tilsette i barneverntenesta også må ta smittevernrisiko på alvor og vi har begrensa kontakt med barn og unge i denne tida. Vi prøver å halde kontakt med dei fleste familiar via telefon, men det blir ofte dei vaksne.
 
Då dette er ei vanskeleg tid både for barn, unge og vaksne kan det føre til at fleire barn og unge vert meir utsett for vald, overgrep, rus og omsorgssvikt no.
Telefonnummer til barnevernvakttelefon: 976 10 100.
 
Barneverntenesta har difor frå no, døgnopen vakttelefon. Det betyr at barn og unge kan få tak i barnevernet på same telefonnummer gjennom heile døgnet.  
Vaktnummeret kan også nyttast om ein er i ein situasjon der det hastar med å få tak i barneverntenesta.
For at vaktnummeret skal nyttast «rett» ber eg om at i saker der de allereie har kontakt med barneverntenesta, nyttar andre telefonnummer for å ta kontakt.

Foreldrebetaling i barnehagar og SFO (tysdag 17. mars)

Foreldrebetaling for barn i barnehagar og SFO fell bort mens skular og barnehagar vert stengde som fylgje av Covid-19 viruset. Det vert kreditert for stengde dagar i mars ved neste fakturering.

Endringar i tenestetilbod (tysdag 17. mars)

Endringar i tenestetilbod grunna situasjonen med Covid-19 (koronavirus) 

Kvinnherad kommune varslar med dette at det i tida framover kan bli endringar i tenestetilbod for innbyggjarar som har vedtak på og mottek helse og omsorgstenester. Dette med heimel i smittevernlova § 4-1

Det vert sett i gang tiltak for å avgrensa smittespreiing. Samtidig førebur vi oss på ein situasjon med auka sjukdom i befolkninga. Det er forventa at vi i tida som kjem vil ha fleire alvorleg sjuke med store hjelpebehov. Men også eit større fråvær i personalgruppa grunna sjukdom og karantene. Vi ser det som nødvendig å gjera tiltak for å sikra best mogeleg ressursutnytting og på den måten sikra nødvendig helsehjelp til alle grupper i befolkninga.

Helsehjelp som er nødvendig for å sikra liv å helse vil i tida framover bli prioritert.

Vi vil gjera alt vi kan for å ivareta nødvendig helsehjelp som t.d. medisinar, ernæring og personleg stell og pleie. Men det kan bli endringar i kor, korleis og kor tid teneste vert ytt.

Tiltak:

  • Alle dagsenter og dagaktivitetstilbod er stengt
  • Fysioterapi er stengt
  • Frisklivssentralen er stengt
  • Rehabiliteringstilbod er sett på vent
  • Støttekontakt vert i hovudsak stoppa.
  • Korttidsplassar i institusjon skal primært nyttast til pasientar som grunna helsetilstand eller andre forhold ikkje kan få forsvarleg hjelp i eigen heim.
  • Avtalte opphald i institusjon for kartlegging, rehabilitering og avlastning går ut. Den enkelte vil får nærare informasjon dersom ein er omfatta av dette tiltaket.
  • Søknader om langtidsplass i institusjon vert ikkje handsama før situasjonen er avklara.
  • Flytting ut og inn av omsorgsbustader knytt institusjonane vert stoppa
  • Henting av hjelpemiddel frå heimar vert utsett
  • Planlagt praktisk hjelp i heimen kan bli avlyst på kort varsel

Karantene (måndag 16. mars)

Helsenorge og FHI har i kveld oppdatert sine retningsliner for dei som er i karantene. Denne informasjonen kan du finna her. (eige menypunkt - heimekarantene)

NAV Kvinnherad stengjer for publikum (måndag 16. mars)

NAV-kontoret er stengt for publikum inntil vidare:

Vi rår alle til å senda elektroniske søknadar via nav.no. Der kan du også søka om økonomisk sosialhjelp elektronisk.

Du kan også skriva ut søknadsskjema frå Kvinnherad kommune si heimeside og senda pr. post.

Venterommet er ubemanna kvar dag mellom kl. 12.00 og 14.00. Du kan fylla ut søknad og legga i postkassen her. Der kan du også legga anna dokumentasjon som er viktig for NAV si oppfølging av deg.

Ved akutt behov for hjelp:

Dersom du har akutt behov for å snakka med nokon om korttidsstønad eller har akutt trong for mellombels stad å bu, kan du ringa tlf 412 885 22.

Rosendal helsesenter reduserer tilbodet (måndag 16. mars)

Rosendal helsesenter reduserer sitt tilbod til pasientar som ikkje har akutt behov for helsehjelp:

Vi har avgjort å avbestilla alle pasientar som står på oppsatte timar. Dette gjeld inneverande veke og komande veke. Vi avventar å setja opp nye timar for desse pasientane til koronasituasjonen er nærare avklart. Vi oppmodar til bruk av e-konsultasjon for dei som kan.

Vi låser ytterdøra og slepp berre inn personar med timeavtale. Alle som skal til lege må ha gjort avtale og blir vurdert på telefon på førehand.

Vi bed folk om å vente ute i bilen og ikkje koma inn før dei har time. Vi har sett av akuttstova til vurdering av luftvegsinfeksjonar. Personar med luftvegsinfeksjon får ikkje koma inn i resten av helsesenteret.

Koronaprøvar vert berre tatt av dei pasientar som fyller Folkehelseinstituttet  sine kriterier til ei kvar tid. Desse prøvane tek vi utanfor helsesenteret. Pasienten sit i bilen og vi tar prøve i garasjen på sørsida av helsesenteret.

Onsdag denne veka er datasystemet vårt ute av drift på grunn av omlegging. Denne dagen kan vi ikkje bestilla medisinar eller laga sjukemeldingar. Viser også til informasjon frå NAV: Arbeidsgivarar kan gi tilsette rett til å bruka eigenmelding for heile arbeidsgivarperioden – dei første 16 dagane av ei sjukemelding.

Vi takkar for forståing for at vi kan gjennomføra desse tiltaka. Vi vil informera så godt vi kan, først gjennom kommunen sine heimesider, og så fort vi kan i media.

Venleg helsing
Tygve B. Torjusen
Rosendal helsesenter

Karantenereglar helsepersonell (måndag 16. mars)

Fylkesmannen har fått avklaring frå smittevernvakta hos Folkehelseinstituttet om reglar for karantene for helsepersonell etter negativt prøvesvar.

Om grunnlaget for gjennomføring av prøven var symptom på luftvegsinfeksjon, og prøven gjev eit negativt svar, kan helsepersonell gå tilbake i jobb.

Er helsepersonell testa som følgje av kontakt med smitte eller antatt smitte, opphevar ikkje den negative prøven karantenen

Opphald på fritidseigedomar (måndag 16. mars)

Kvinnherad kommune får mange førespurnadar frå folk som oppheld seg på fritidseigedomar i kommunen. Regjeringa oppmodar alle om å reisa heim og eit forbod kan tre i kraft på kort varsel. Les meir informasjon frå regjeringa her.

Veke 11

Oppmoding frå kommuneoverlege i Kvinnherad (laurdag 14. mars)

Du, som innbygger i Kvinnherad kommune, er den aller viktigste brikken for at vi skal komme igjennom denne pandemien med flest mulig av våre utsatte innbyggere i behold. Dette er en felles dugnad og et felles ansvar! 

Helsetjenesten er under er stort press. Dette kan i verste fall gå utover liv og helse.
Under følger en liste over hva dere alle kan bidra med, både for å minke trykket på helsetjenesten og for å hindre å smitte andre;

For de fleste av oss, som ikke sitter i karantene, gjelder følgende:
Har du milde til moderate luftveissymptomer (dvs. feber, hoste og/eller kortpustethet) skal du først og fremst holde deg hjemme (!) og unngå unødig kontakt med andre. Du skal ikke kontakte helsetjenesten og du skal ikke testes. Du kan gå på jobb etter å ha vært symptomfri i en dag. Har du så alvorlige symptom at du tror du vil trenge antibiotika eller sykehusinnleggelse, kontakter du lege pr. telefon! 

Merk: For helsepersonell og pasienter på våre institusjoner gjelder andre retningslinjer

For de som sitter i karantene gjelder følgende; først og fremst - overholde karantenen!
Får du milde til moderate luftveissymptomer (dvs. feber, hoste og/eller kortpustethet), skal du ikke kontakte helsetjenesten, og du skal ikke testes! Du kan gå på jobb etter å ha vært symptomfri i 7 dager. Får du alvorlige symptomer, og du tror at du vil trenge en sykehusinnleggelse, kontakter du lege pr. telefon! 

Smittevern:

  • Ikke gå til lege, tannlege, fysioterapeut eller andre helseaktører med mindre det er trengende nødvendig. Du eksponerer både deg selv og andre! De fleste kontroller og lignende kan vente! 
  • Bruk elektroniske løsninger som e-melding og e-konsultasjon i kontakt med din lege, hvis dette er mulig. 
  • Må du til lege, tannlege e.l., så møt presis (ikke sitt på venterommet i 30 minutter før timen), hold avstand til andre på venterommet, minst 1 m, helt 2 m, og praktisere god hånd- og   hostehygiene. Benytt alltid håndsprit når du kommer inn/går ut. 
  • Vask hender, evt. benytt håndsprit, før og etter butikkbesøk eller besøk hos andre. Det samme gjelder når du går inn og ut av egen bolig.
  • Hold fingrene dine for deg selv og ta minst mulig på ting når du er ute i offentligheten, det være seg på butikken, på bussen eller på venteværelset. 
  • Vær en erketypisk nordmann - Hold god avstand til folk du møter på gaten eller på tur, helst 2 m. Ikke håndhils eller klem, finn alternativ hilsemåter. 


Takk for innsatsen dere gjør for kommunen vår! 


Med hilsen

Glenn A. Opland Kommuneoverlege

Ekstraope sentralbord laurdag og søndag (fredag 13. mars)

Ekstraope sentralbord laurdag og søndag:

Dersom nokon av innbyggjarane våre har behov for kontakt med kommunen i helga, har sentralbordet ope kl. 11.00. - 13.00.

Helserelaterte spørsmål skal gå gjennom dei ordinære helsetelefonane: 116117 / 113.

Avlyser alle politiske møter (fredag 13. mars)

Denne meldinga har i dag gått ut til politikarane:

Ordføraren ber om at de har forståing for at ein finn det naudsynt å avlyse alle politiske møter i denne uoversiktlege situasjonen vi er i med koronapandemien.
Hovudfokuset no vert beredskapen i kommunen.
Beredskapsgruppa har møte kvar dag, og set i verk tiltak der det er naudsynt.
Det vert teke ei ny vurdering etter påske.
Dersom de har spørsmål kan ordførar Hilde Enstad kontaktast, fortrinnsvis på e-post, frå måndag 16.mars.

Stenger rådhuset for publikum (fredag 13. mars)

Frå og med måndag 16. mars stengjer rådhuset for publikum. Dette for å førebyggja og avgrensa smitte av korona. Ein kan framleis nå oss på telefon, chat og e-post. Det ligg òg mykje informasjon på heimesida til Kvinnherad kommune og Facebook. Rosendal Helsesenter held ope som vanleg

Melding til eigarar av hytte/fritidseigedom (fredag 13. mars)

Melding til eigarar av hytte/fritidseigedom og som er busett i anna kommune:

Kvinnherad kommune informerer om at grunna smittesituasjonen som vi har i Noreg i dag, vel kommunen å oppmode hytteeigarar i kommunen om å nøye vurdere om det er rett å dra hit no. Kvinnherad legg seg på ei restriktiv line for å avgrensa smittefare. Når mange menneske er samla på ein stad aukar smittefaren.

Kommuneoverlegen oppmodar eigarar av fritidsbustader i kommunen om å ikkje nytte desse i denne perioden til 26. mars. Er ein pålagt karantene i heimkommunen skal dette respekterast. Dette er eit tiltak for å hindre vidare spreiing av koronaviruset, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Stenger Kvinnherad bibliotek (fredag 13. mars)

Kommunelegen har fatta vedtak om å stenga Kvinnherad bibliotek frå og med i dag.

Vedtaket kan du lesa her.

Informasjon frå sektorleiar i oppvekst, Anne Sofie Kjeka (fredag 13. mars)

Til alle skulane, barnehagane og foreldre

I går torsdag 12.03.20, vart skular og barnehagar i heile landet stengde frå klokka 18:00. Statsministeren vår varsla dette med å seia: «Dette er tiltak som skal ha stor inngripen i vår frihet»

Målsetjinga med stenginga er at det skal bli mindre kontakt mellom folk, det er den einaste måten me kan stoppa denne pandemien på. Det offentlege tek no eit stort ansvar med å stenga skular og barnehagar. Dette vert gjort for at ein er redd for at det er umogleg å halda stor nok avstand når mange barn er samla.

Elevane skal no vera heime for at dei skal ha mindre kontakt. Ja, det er som statsministeren seier , eit stort inngripen i vår fridom, men det er viktig for å redda mange sårbare og sjuke personar som er våre medmenneske. Det er viktig at elevane held seg i heimen om dagen og gjer skulearbeidet sitt. Dette er heimane sitt ansvar.

Det har kome nokre tilbakemeldingar på sektoren si melding om at det er «karantene». Me orsakar bruken av dette omgrepet, det var feil. Vårt mål var å setja fokus på eit viktig tema. Poenget med at skular og barnehagar vert stengde er at det skal vera begrensa kontakt mellom folk.

Regjeringa forventar at elevane i skulane gjer skulearbeidet sitt heime om dagane. Det er skulane sitt ansvar å ha kontakt med elevane og leggja til rette for læring og skulearbeid. Skulane i Kvinnherad er klare for dette oppdraget.  Me lukkast når skulane og heimane står saman.

Anne Sofie Bjelland Kjeka

Sektorleiar oppvekst – Kvinnherad kommune

Informasjon frå kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik (torsdag 12. mars)

Situasjonen med koronasmitte i Noreg får naturlegvis store verknader også på Kvinnherad-samfunnet. Frå og med i morgon er skular og barnehagar stengt. Det vert etablert ein tilsynsordning for barnehagebarn og barn i 1.-4 klasse. Denne vert atterhalde tilsette i helse og omsorgstenester som ikkje kan løyse dette på anna vis. Kartlegging av kven dette kan vere og arbeid med organisering av dette er i gang no. Føresette vert kontakta av den einskilde skule og barnehage.

Tiltaket om å setja i verk stenging hadde beredskapsleiinga i kommunen allereie avgjort før regjeringa fatta sitt vedtak - så vi var tidleg i gang med planlegging av dette.

Det er ein del førespurnadar som kjem til våre helsesenter. Innbyggjarane våre bes om å unngå telefonar her med mindre det er heilt nødvendig. Eg minner om at det berre er eigen sjukdom som kan kvalifisere for sjukemelding. Vi må sikre at den kapasitet vi har vert nytta på best mogleg måte. Om sentrale myndigheiter ser på regelverket knytt til dette vil ein eventuelt kome attende til.

Svært mange funksjonar i samfunnet er råka og mange menneske må endra sine vaner og gjeremål.

Eg ber om at regjeringa si oppmoding om å ta del i denne dugnaden vert respektert.    

For Kvinnherad kommune som organisasjon og våre medarbeidarar så har vi ei noko ikkje føreseieleg tid framfor oss. Eg vil rosa tillitsvalde og verneteneste som hjelper svært godt i det arbeidet som no er i gang. Vi må nytte arbeidskrafta vi har tilgjengeleg til det beste for innbyggjarane som treng det mest.

Det er tidlegare påvist eitt smittetilfelle i vår kommune. Så langt har vi ikkje fått melding om fleire.

Vi vil koma attende med meir informasjon etter kvart som/om situasjonen endrar seg.

Stenger skular og barnehagar (torsdag 12. mars)

Vedtaket frå kommunelegen angåande stenging av skular og barnehagar i Kvinnherad kommune er no fatta og kan lesast her.

Besøksforbod sjukeheimar (torsdag 12. mars)

Kommunelegen har i dag gjort vedtak om besøksforbod på sjukeheimar frå og med i dag.

Vedtak om stenging av basseng, gymsalar og idrettshallar er òg fatta.

Leiinga i Kvinnherad kommune presiserer at dette er ein nasjonal dugnad der alle må trø til for å avgrensa smitte av korona.

Vedtak om besøksforbod på sjukeheimar kan lesast her.
Vedtak om stenging av symjehallar, gymsalar og idrettshallar kan lesast her.

Informasjon angåande stenging av skular og barnehagar kjem snarleg.

Avlysingar møter m.m. (torsdag 12. mars)

Fleire møter og arrangement vert no avlyste grunna korona og avgrensing av smitte. Følg med på politisk- og aktivitetskalender på heimesida til kommunen.

 

Stengjer basseng og gymsalar (torsdag 12. mars)

Kvinnherad kommune følgjer råda til folkehelseinstituttet og helsedirektoratet.
Målsettinga for smitteverntiltaka er no å stanse og å avgrensa smitte for å hindra eit større utbrot og å forsinka spreiing slik at toppen på utbrotet blir flata ut.

Myndigheitene rår til kontaktreduserande tiltak. Dette betyr at all kontaktaktivitet skal reduserast. 
I dag vil kommunelegen gjera vedtak om stenging av ungdomsklubbane, alle kommunale basseng (på Halsnøy, Undarheim, varmebassenget, Rosendal og Hatlestrand), alle gymsalar, Husnes Idrettshall og tilhøyrande garderobar. Grunngjevinga er å redusera kontakt mellom menneske, og at Kommunedirektøren må nytta reinhaldspersonalet på prioriterte områder.  God hygiene er av stor viktigheit for å førebyggje smitte.
Kommunedirektøren ber om forståing for stengingstiltaka, og ønskjer å minna om at alle tiltaka bli gjennomført for å verna om dei som står i fare for å bli smitta og som har ei tilleggsliding i botn eller lågt immunforsvar.  

Hugs god handhygiene og gode hostevanar!

Krav til arrangement jf. kommunalt vedtak (onsdag 11. mars)

Koronaviruset spreier seg no fort i Noreg, og vi prøver å bremsa spreiinga og hindra risikogrupper i å bli sjuke. For å oppnå dette kan kommunen vedta avgrensingar for møter og arrangement, eller ved behov forby desse.

Alle som skal eller planlegg å arrangera møte eller arrangement i Kvinnherad kommune må frå i dag av gjera ei vurdering av smittefaren ved å gjennomføra arrangementet.

Vi ber alle vurdere og ta stilling til om planlagde arrangement bør gjennomførast.

Kommunen må vurdera om arrangement i Kvinnherad kan medføra ein vesentleg fare for befolkninga. Faren aukar med talet på menneske som samlast, og faren aukar dess fleire frå ei risikogruppe som er til stades. Større arrangement medfører at mange menneske er tett på kvarandre. Faktorar som bevertning, alkoholinntak og varigheit påverkar òg smittefaren.

Spørsmål og eventuelle søknadar med risikovurdering må sendast til Kvinnherad kommune ved einingsleiar Helse: Irina Zimina.

Søknaden må vera mottatt hos kommunen seinast ei veke før arrangementet. Dersom kommunen finn at arrangementet aukar sannsynet for smitte og overføring av covid-19 kan kommunen med heimel i smittevernlova § 4-1 forby arrangementet, eller avgrensa dette etter eiga vurdering.

Eitt tilfelle koronasmitte (måndag 9. mars)

Det er stadfesta eitt tilfelle av koronasmitte i Kvinnherad. Situasjonen vert følgd opp og det er ingen dramatikk i dette.

Dei nødvendige smittesporingane er gjort, seier kommuneoverlege Glenn A. Opland.

Kommunedirektøren si leiargruppe saman med kommuneoverlege, leiande helsesjukepleiar og einingsleiar for Helse har kvar dag statusmøte og går gjennom det som er meldt inn frå innbyggjarar i kommunen til helsenter og helsestasjon. Her vert drøfta det som er aktuelt denne dagen, og det vert lagt planar for det næraste døgnet. Beredskapsplanar for dei ulike tenesteområda våre er på plass, og smittevernplan er oppdatert og politisk vedteken.

Kommuneoverlege minner på at alle innbyggjarar  må ha fokus på ivareta god hand og hostehygiene og elles bruka skjøn i situasjonar med mykje folk samla.

Følg ellers med i media, på heimesida og kommunen si facebook side for oppdatert informasjon.

Kartlegging og informasjon

Kvar dag vert gjennomført møter leia av kommunedirektør. Her deltek kommuneoverlege, einingsleiar for Helse, leiande helsesjukepleiar og aktuelle tilsette frå kommunedirektøren si leiargruppe.

I møta vert det drøfta status korona i Kvinnherad, som byggjer på meldingar i frå sektorar, helsesenter og helsestasjon. All informasjon vert samla og kartlagt. Møta vert også gjennomført laurdag og søndag.

All informasjon vert kvalitetssikra og klarert av kommuneoverlege i høve kva som skal ut til aviser, på heimeside/facebook/intranett.

Kommuneoverlege legg vekt på at det for friske vaksne ikkje er noko fare med koronaviruset, men at me alle må ta ekstra omsyn til sjuke og andre utsette grupper som bør skjermast og at innbyggjarar følgjer råda om smitteførebygging under.