Du søker elektronisk på stillingar i Kvinnherad kommune. Her finn du ei fullstendig oversikt over og kjem inn i vårt system for elektronisk jobbsøking. Treng du hjelp med brukarkonto, sjå nedst på sida.

GÅ TIL LEDIGE STILLINGAR

Mauranger - Kvinnherad Turistinformasjon.jpg

Kvinnherad kommune er eit Noreg i miniatyr. Vi er omgitt av mektige fjell og idyllisk skjergard, og for deg som likar friluftsliv er dette ein god stad å leva. Kommunen byr på eit spanande næringsliv. Kulturlivet er mangfaldig; festivalar med tema innanfor mellom anna kammermusikk, rock, mytologi og fiske. Kvinnherad er eit samfunn med trivelege bygder som gjev gode og trygge oppvekstvilkår. Vi har kring 13 100 fastbuande i kommunen. Husnes er regionssenter med vidaregåande skule og handelssenter. Rosendal er turistbygda med administrasjonssenter og Noregs einaste baroni. Kommunen grensar til Hardanger og ligg i idylliske Sunnhordland, med Haugesund og Bergen som nærmaste byar.

Brukarkonto

Alle som ønsker å søka jobb i Kvinnherad kommune, må gjere dette elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein brukarkonto hos Visma Enterprise, og logge deg inn.

Dersom du har søkt jobb hos oss tidlegare, har du allereie ein brukarkonto. Dette gjeld òg om du er tilsett, eller har vore tilsett. Om du ikkje huskar innloggingsinformasjonen din, klikker du "Glemt brukernavn/passord" øverst til høgre i skjermbildet.

Slik går du fram

Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar innloggingsinformasjonen din, klikker du "Glemt brukernavn/passord" øverst til høgre i skjermbildet.

Ny brukar
Nye søkarar veljer "Registrer søker" øverst til høgre inne i oversikta over ledige stillingar. Alternativt kan du velje stillingen du vil søke på, klikke "Søk på stilling" og deretter "Registrer søker".

Fyll inn alle felt og velg "Utfør".

Du vil få ein e-post frå Visma med ditt brukarnamn og passord. Når du logger inn første gong, vil du få beskjed om å opprette ditt eige, personlege passord. Velg eit trygt passord som du huskar til neste gong du skal logge deg på.

Det er ikkje muleg å legge ved attestar og vitnemål. Desse tar du med deg til intervju.

Difor er e-postadressa viktig

Du vil få bekreftelse på mottatt søknad pr. mail. Ver derfor påpasseleg med at du skriv e-post adressa rett. Dersom du ikkje har motteke bekreftelse innan kort tid, har vi ikkje mottatt søknaden din.

Rekrutteringssystemet kjenner igjen tilsette og tidlegare tilsette på e-postadressa. Er du allereie tilsett i Kvinnherad kommune, er det difor viktig at du bruker same adressa som ligg i lønssystemet vårt. Er du i tvil om kva for ei adresse som er tilknytt din brukar, ta kontakt med:
Yngvar Skarveland, tlf. 918 59 215
Evelyn Tveito, tlf. 906 99 163
Sissel Wang, tlf. 907 58 809

Treng du hjelp?

Har du spørsmål som gjeld utlyst stilling, ta kontakt med oppgitt kontaktperson i stillingsannonsa. Dersom du treng hjelp med Visma, ta kontakt med:
Yngvar Skarveland, tlf. 918 59 215
Evelyn Tveito, tlf. 906 99 163
Sissel Wang, tlf. 907 58 809