Moderat risikogruppe

Følgjande sjukdomar/tilstandar er definert som medisinske risikogrupper:

  • kronisk leversjukdom
  • immundempande behandling ved autoimmune sjukdomar
  • diabetes
  • kronisk lungesjukdom, inklusert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteoridar eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • hjarte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag

 

OPPDATERINGAR

Oppdatert informasjon:

Siste oppdatering finn du HER
 

 

Oppdatering 23.06.21

Viktig:  
Alle som vil ta koronavaksine MÅ registrera seg på nett. 
Gå til
 https://timebestilling.remin.no  

Logg på med bankID. 
Registrer opplysningane dine og svar på spørsmåla. 

Du får ein sms om å bestille time når det vert din tur. 
Dette går etter prioritert rekkefølge etter alder. 
No held vi på med dei som er 45 år eller eldre.

NB! Dersom du skal studera i inn eller utland, eller skal avtena verneplikt så tek du kontakt med koronatelefonen for å avtala vaksinering snarast.

Mellom vaksinedosane skal det i Kvinnherad no gå 6 veker.  
(Dei som får første vaksinedose frå og med 1. juli skal ha 12 veker mellom dosane)

For dei som skal studera eller starta førstegongsteneste går det kortare tid mellom dosane. 
Når du får første dose vert time til neste dose avtala. 
Dersom du høyrer til dei som skal ha kortare intervall mellom dosane, hugs å minna om dette ved første vaksinasjon. 

Alle som tek første dose med vaksine må leggja til rette for å kunna ta dose to til fastsett tid.  

Alle spørsmål om vaksine rettast til koronatelefonen 

Tlf.nr90 86 01 66
Telefonen er open måndag til fredag kl. 08.00 - 10.00 og kl. 13.00 - 14.30

Oppdatering 22.06.21

Våre kjekke og dyktige sjukepleiarar som tek koronatelefonen har kome med denne gode oppsummeringa og status på vaksinering:

Alle spørsmål om vaksine rettast til koronatelefonen 
Tlf.nr: 90 86 01 66 
Telefonen er open måndag til fredag kl.08.00 - 10.00 og kl.13.00 - 14:30 

Dei som har underliggjande sjukdom skal no ha fått avtale om vaksine. 

NB! Viktig:  
Alle som vil ta koronavaksine må registrera seg på nett. 

Gå til https://timebestilling.remin.no  

Logg på med bankID. 
Registrer opplysningane dine og svar på spørsmåla. 

Du får ein sms om å bestilla time når det vert din tur. 
Dette går etter prioritert rekkefølge etter alder. 
No held vi på med dei som er 55-64 år. 

NB! Dersom du skal studera i inn eller utland, eller skal avtena verneplikt så tek du kontakt med koronatelefonen for å avtala vaksinering snarast.

Mellom vaksinedosane skal det i Kvinnherad no gå 6 veker.  

For dei som skal studera eller starta førstegongsteneste går det kortare tid mellom dosane. Når du får første dose vert time til neste dose avtala. 
Dersom du høyrer til dei som skal ha kortare intervall mellom dosane, hugs å minne om dette ved første vaksinasjon. 

Alle som tek første dose med vaksine må legge til rette for å kunne ta dose to til fastsett tid.  

Oppdatering 15.06.21

Det er no opna opp for å setja seg på open venteliste. Dersom det er vaksinedosar til overs på vaksinasjonsdagane, vil vaksineteamet ringa til dei på open venteliste. Ein kan setja seg opp på ventelista via denne lenkja: https://timebestilling.remin.no/

Fyll ut eigenerklæringa på førehand. Får du telefon med tilbod om vaksine til overs så er vi avhengige av rask responstid.

Oppdatering 14.06.21

I dag er det sendt ut sms for timebestilling til alle med underliggande sjukdomar i alderen 18 - 44 år som er meldt inn av fastlegen.
Fyll ut eigenerklæringsskjema før ein kjem til time - den fyller du ut via lenkja du får i sms'en.

Dose to får ein 12 veker etter første dose. Om det krasjar med feriereise for dose to, så må du la væra å ta første dose òg. Kommunen har ikkje høve til å tilretteleggja vaksinering rundt feriereiser.

(Intervallet mellom dose ein og to er retta frå 6 til 12 veker den 16.06.21, etter kontramelding frå FHI)

Oppdatering 04.06.21

Det er i dag lagt ut 350 nye timar klare for booking torsdag 17. juni i vårt vaksinesystem. Aktuelle risikogrupper som har fått sms kan inn og booka seg time. Denne gongen vert det kun anledning for å booka seg time på Husnes.

Oppdatering 02.06.21

Dersom du allereie har fått første vaksinedose: Sjå bort frå motteken SMS.

Oppdatering 31.05.21 kl. 13:08

Til de som har motteke sms om koronavaksine:

Ikkje ring sentralbordet til Kvinnherad kommune. Bestillingssystemet fungerer no som det skal - prøv å logga deg på via lenkja igjen.

Oppdatering 31.05.21 kl. 11:00

Denne veka testar vi ut timebestilling via sms. Dei som er i rett prioriteringsgruppe vil få ein sms der ein må svara på nokre spørsmål, og deretter kan ein bestilla time for vaksinering. Ein vil motta ein sms med bekreftelse på tid og stad. Vi vaksinerer på torsdagar, på Husnes kulturhus og i Rosendal samfunnshus. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å leggja ut timar meir enn éi til to veker fram i tid då vi ikkje veit kor mange vaksinar vi får meir enn halvanna veke i forkant.

Oppdatering 27.05.21

Frå veke 23 vil ein opna opp for elektronisk bestilling av vaksine for dei som er i gruppe 5: alder 55 - 64 år med underliggande sjukdomar. Desse vil få ein sms med lenkje til bestilling av time. Meir informasjon vil koma seinare. Gruppene etter desse vil også få sms når det blir deira tur.

Oppdatering 26.05.21

Denne veka er det kun vaksinering av andre dose. Det vert noko etterslep grunna omfordeling av vaksine til kommunane.
Informasjon om digital løysing for dei neste gruppene kjem i løpet av veka. Neste vaksinegruppe er: 

" Gruppe 5: Alder 55-64 år med underliggende sykdommer/tilstander " 

Oppdatering 18.05.21

Denne veka skal det setjast 540 vaksinedosar i aldersgruppa 65-74 år. Alle som er i denne aldersgruppa og som vi ikkje har fått tak i, får eit brev i posten der vi ber om at dei tek kontakt. 

I våre lister har vi ikkje kunna henta fram dei som fyller 65 år i 2021. Vi ber om at de sender ein e-post med namn og fødselsdato og telefonnummer til: randi.bjornsen.vevik@kvinnherad.kommune.no så tek vi kontakt.

Oppdatering 10.05.21

Denne veka skal det setjast 450 dosar. Ein held framleis på med dei i alderen 65 - 74 år, samt høgrisikogruppa. I løpet av neste veke skal alle desse ha fått første dose med koronavaksine.

Oppdatering 03.05.21

Denne veka vert det kun vaksinering på Husnes for personar som skal ha dose to, og nokre i høgrisikogruppa. Dette grunna mengd dosar ein har fått inn. Neste veke vert det vaksinering både på Husnes og i Rosendal. Vi reknar med at det er 14 dagar att til aldersgruppa 65 – 74 år er ferdigvaksinerte med første dose.

Oppdatering 27.04.21

Ein er i full gong med vaksinering av aldersgruppa 65 – 74 år, pluss høgrisikogrupper. Ein reknar med å vera ferdig med denne gruppa innan to til tre veker.

Oppdatering 21.04.21

Eit lite hjartesukk frå vaksinasjonsteamet

Dei som har fått time for dose to av koronavaksinen må nytta seg av denne.
Vi har fått mange telefonar om å byta vaksinedag, noko som er særs vanskeleg å få organisert.
Tal på dosar kommunen får er utrekna etter kor mange som fekk første dose seks veker før.
Kommunen beklagar eventuelle ulemper dette kan føra til, men håpar mange finn gode løysingar for å kunna stilla på timen ein har fått tilbod om.
Massevaksinering av innbyggjarane inneber mykje logistikk, så vi vonar de vil strekka dykk langt for å møta til oppsett tid.

På førehand, takk!

Oppdatering 20.04.21

Denne veka skal vi setje 270 vaksinedosar på Husnes og 168 dosar i Rosendal.

Vi er no byrja på dei som er 73 år med partnar i same prioriterte aldersgruppe (65-74 år) I tillegg skal nokre i høgrisikogruppa vaksinerast og nokre helsepersonell.

Oppdatering 13.04.21

Denne veka blir det vaksinasjon på Husnes og i Rosendal for aldersgruppa 65-74 år, pluss nokre i høgrisikogruppa. Dei som blir ringt til, kan sei ifrå om at dei har ein partner i same gruppe (65-74 år) og vi vil då prøva om dei kan få time i lag.

Det er 239 dosar som blir sett på Husnes og 204 dosar i Rosendal

Oppdatering 07.04.21

Kommunen har no fått litt fleire vaksinedosar, og plan for vaksinering framover ser slik ut:

Vaksine torsdag 8 april:
Ølve - om lag 80 personar over 75 + vil verta vaksinert. 

Rosendal og Husnes -  om lag 260 personar i aldersgruppa 75 - 85 år og 65 -74 år vil verta vaksinert.

Vaksine torsdag 15 april:
I Rosendal og Husnes vil om lag 440 personar i aldersgruppa 75 - 85 år og 65-74 år verta vaksinert. I tillegg skal personar i høgrisikogruppe  meldt inn via fastlege få vaksine.

Alle personar dette gjeld vil bli kontakta pr. telefon.

Oppdatering 24.03.21

Kvinnherad kommune har byrja vaksinasjon for korona. Informasjon om arbeidet vil bli laupande oppdatert på heimesida vår.

Torsdag 25.03.21 skjer vaksinering kun på Husnes. Etter denne dagen er det om lag 430 personer att i gruppa 75+ som ikkje har fått tilbod  om vaksine.
Vidare framdrift på vaksinering er på skjærtorsdag Husnes, og torsdag 08.04. på Husnes og i Rosendal – begge stader for 75+. (Om vaksine vil skje både på Husnes/Rosendal 08.04. vil verta vurdert fortløpande i høve kor mykje vaksine kommunen får tilsendt).
Deretter startar vaksinering for gruppe 65+ og dei innbyggjarane som fastlegane har meldt om skal vera prioriterte. Alle desse vil bli kontakta på telefon. Det vert planlagt at om lag 150 personar vil bli vaksinert per veke framover.
Vaksinering av dose to skjer parallelt med dette.

Oppdatering 11.03.21

Bebuarar på sjukeheimane er no fullvaksinerte. Dei over 85 år er snart fullvaksinerte og ein er starta på gruppa 75 til 84 år. Det er om lag 900 stykk i denne aldersgruppa. Først vert dei på 83 - 84 år ringt, så går ein nedover på lista. Denne ringerunden går òg geografisk. Om du lurer på kvifor naboen har blitt ringt kan det henda det er ei geografisk grense mellom dykk, eller at naboen er eit par år eldre. Er det fleire i husstanden i aldersgruppa 75 til 84 år vil ein prøva å ordna slik at ein kan få time for vaksinering samstundes.
Alle i denne aldersgruppa som er folkeregistrert i kommunen vert ringt. Aldersgruppa 65 til 74 år vil også bli ringt når den tid kjem. Vi ber dykk om å vera tolmodige.

Vaksinasjonen har teke lengre tid enn fyrst tenkt då kommunen hittil har fått færre vaksinar enn ein vart varsla om. Difor er det vanskeleg å svara på kor lenge ein må venta. Det varierer kor mange dosar kommunen får om gongen, og informasjon om mengde får vi frå veke til veke.

Ein treng ikkje melda seg til vaksine i denne gruppa, du vil verta kontakta når det er din tur. Det er mange som skal vaksinerast og mykje logistikk rundt dette, så det er ikkje høve til å byta time om det ikkje passar - med mindre ein vert sjuk og ikkje kan stilla. 


Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Det er to vaksinasjonsstader i kommunen:

  • Kulturhuset på Husnes
  • Rosendal Samfunnshus

På Hatlestrand/Ølve har dei eldste få tilbod om vaksinering på Hatlestrand helsesenter.
Kommunen oppmodar om at alle som har moglegheit kjem seg til vaksinasjonsstaden ved eiga hjelp – for å gjera arbeidet meir effektivt.
For dei under 65 år vil vi koma attende med informasjon om korleis dei skal gå fram i høve til vaksinering.

Det er gjeve høve til å nytta 20% av tilsendt vaksine til helsepersonell. 

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle det er rådd til å vaksinera. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte først:

  • Bebuarar i sjukeheim
  • Dei over 85 år
  • Dei over 75 år
  • Dei over 65 år
  • Personar 18-64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar – risikogruppe

Kommunen vil først kontakta dei over 85 år, og deretter aldersgruppene vidare nedover på prioriteringslista.
Innbyggjarar under 65 år som er utan tilleggsliding må fylja med på annonsering i lokal avisene og/eller på kommunen si heimeside for å orientera seg om kva tid dei kan få tilbod om vaksinering. 

Les meir om prioritet her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/