Etter råd frå Helsedirektoratet og FHI gjennomfører regjeringa det fyrste trinnet i gjenopningplanen frå midnatt natt til 16. april. I tillegg vert det gjort nokre lettingar for arrangement for born og unge, og innan toppidretten. 

Dette er dei nasjonale tiltaka som gjeld frå og med 16. april:

Tilrådingar som gjeld heile landet

  • Hald ein meters avstand. Hald hendene reine. Hald deg heime dersom du er sjuk.

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrensa sosial kontakt.
  • Det vert oppfordra til å møta andre utandørs, og til å ikkje ha fleire enn fem gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå same kohort. Barn og unge kan i tillegg ha besøk av eller gå på besøk til ein eller to faste venar.

Reiser

  • Reiser til utlandet vert frårådd. Strengt naudsynte reiser kan gjennomførast.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er særleg viktig til og frå område med høgt smittepress.
  • Ein kan reisa på hytta (eigd eller leigd) eller på hotell innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg.
  • Reiser til arbeids- og studiestad kan reknast som ei naudsynt reise.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak enn der dei bur, bør følgja tilrådingane som gjeld der dei bur til vanleg.

Skular og barnehage

  • Barnehagane og skulane er på gult nivå i tråd med trafikklysmodellen, med mindre lokale tilhøve tilseier noko anna.

Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle som har moglegheit til det.

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei vert unnateke tilrådinga om ein meters avstand når dette er naudsynt for å driva med aktiviteteten.
  • Dersom barn og unge trener/øver med eit lag, forening eller liknande i ein annan kommune vil dei kunna konkurrera med dette laget / denne foreninga så lenge smittesituasjonen tillet det.
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje innebær nærkontakt (t.d. ski) kan delta i utandørs idrettsarrangement som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region, der region vert nytta som geografisk inndeling.
  • Vaksne kan driva organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halda minst ein meters avstand.
  • Utandørs kan vaksne driva organisert aktivitet, så lenge dei kan halda minst ein meters avstand.
  • Toppdrettsutøvarar kan trena som normalt, både utandørs og innandørs.

Høgare utdanning

  • Det er mogleg å vera på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større førelesingar og samankomstar bør unngås, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast.

 

Reglar for heile landet

 

Private sammenkomster og arrangement:

  • Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar vert tilrådd utsett eller avlyst.
  • Reglane for arrangement er som følgjer:
  • Maks ti personar på private samankomster utanom eigen heim, til dømes bursdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Born i same kohort i barnehage eller barneskula kan møtast med eit naudsynt tal på vaksne som tilretteleggarar.
  • Maks ti personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune.
  • Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar på 200 personar), dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal iverksetja tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Om det er naudsynt, skal det nyttast vakthald for å sikra dette.
  • Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader..

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve

  • Kun tillatt med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00..
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til gjestar som samtykker til dette.