Teststasjon for koronatesting er flytta
Kl: 07:30-00:0019. oktober flytta vi teststasjonen frå portvakta til Hydro Husnes (Søral) til parkeringsplassen ved rundkøyringa til Halsnøytunnelen (Podlen).
Kvinnherad kommune oppmodar om at dei som skal ta test kjem til avtalt tid. No når teltet er flytta kan det lett oppstå kø og difor er det viktig at du som har avtale kjem presis.
Koronatesting vert no gjennomført i teltet der. Som før ringjer ein Koronatelefonen: 908 60 166 (ope mån-fre kl. 08:00-10:00 og kl. 13:30-14:30), for å avtale tidspunkt for testing.