Hurtigtestane skal brukast dersom ein har milde symptom på luftvegsinfeksjon, eller dersom ein er nærkontakt til nokon som er koronasmitta. Dette gjeld både fullvaksinerte, delvaksinerte og ikkje-vaksinerte.
Ved negativt resultat og vedvarande symptom bør testen gjentakast.

FHI - Kva du skal gjera ved nyoppståtte luftvegsinfeksjonar

Alle som får symptom på covid-19, skal halde seg heime medan ein ventar på prøvesvar.

Resultat av hurtigtest
Dersom svaret på prøven er negativ, kan ein gå på skule og jobb igjen når allmenntilstanden er god. Ved negativt svar er det ikkje behov for å melda dette til nokon. Om svaret på testen er positiv, skal den som er testa isolerast og bestilla PCR-test på helsesenteret.
Merk at resultatet frå sjølvtestar ikkje blir rapportert inn til MSIS, og ikkje kan bli brukt som dokumentasjon i koronasertifikat. Alle positive sjølvtestar skal bli bekrefta med prøve tatt hos fastlege.

Slik gjennomfører du testen
Bruksrettleiing blir delt ut saman med sjølvtestane. Her ser du ein video som enkelt viser korleis du skal gjennomføra sjølvtesten: https://youtu.be/LDusIOf3Zo0
(Obs: denne videoen er laga for Larvik kommune)

Kvar finn du sjølvtestane?
Hurtigtestane kan hentast ved helsesentra på kvardagar:

Halsnøy helsesenter
Heiavegen 84
5454 Sæbøvik
Opningstider: 8.00 - 15.00

Husnes helsesenter
Stølshaugvegen 3
5460 Husnes
Opningstider: 8.00 - 15.00

Rosendal helsesenter
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal
Opningstider: 8.00 - 15.00

Hatlestrand helsesenter
Tongavegen 20
5635 Hatlestrand
Opningstider: Mandag, tysdag og torsdag: 8.00 - 15.00

Legevakt
Om kvelden og i helgene kan hurtigtestane hentast ved legevakta som er lokalisert på Husnes helsesenter (Stølshaugv. 3, 5460 Husnes).

Kvardagar

17-22

Laurdag

10-18

Søndag

11-20

 

Er du sjuk skal du IKKJE henta test, men få ein annan til å henta for deg.

Barn og unge får tilbod frå skulen om å ta sjølvtest heime som alternativ til karantene dersom nokon i klassen/avdelinga blir smitta av korona.

Dersom du treng test grunna jobb-, studiereise, innreisekarantene eller positivt sjølvtest, tar du kontakt med helsesenteret. Du må bestilla time til testing på førehand hos fastlege.
Viss du treng test for feriar eller liknande like før reisa frå Noreg må du venda deg til private aktørar som har testtilbod. Merk at du sjølv må dekka kostnaden for testing

Det kan ved fagleg vurdering bli gitt ny informasjon om andre testordningar.


Spørsmål om korona og vaksine

Dersom det er feil i opplysningar om vaksinasjon eller test kan du senda ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no, så vil dette bli retta opp i slik at koronasertifikatet ditt kan takast i bruk.
Koronasertifikatet ditt er gyldig når QR koden-koden blir vist.
Viss du ikkje finn svar på det du lurer på vår side om vaksinasjon eller treng å avbestille/endre time, kan du senda ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no.
Ikkje send sensitive opplysningar. Det kan ikkje gjevast svar på medisinske problemstillingar.

Helsedirektoratets informasjonstelefon er: 815 55 015 , eventuelt ring din eigen fastlege.
 

Flytskjema FHI.PNG