Dei nye nasjonale tiltaka

Nye tilrådingar

  • Ein-meteren vert no til to-meteren. Dei som hittil har halde minst ein meters avstand til, må du frå no av halda minst to meters avstand til.
  • Det vert tilrådd å ha maks to gjestar på besøk.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken dra på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste venar.
  • Du bør avgrensa sosial kontakt mest mogleg.
  • Det vert tilrådd bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogleg å halda to meters avstand.
  • Det vert tilrådd å berre nytta seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Det vert tilrådd å utsetja alle reiser som ikkje er naudsynte, med unntak for reier til arbeid (når det ikkje er mogleg med heimekontor), reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer, reiser til hytte saman med eigen husstand.
  • Det er tidlegare avgjort at det skal vera digital undervisning i universitet, høgskular og fagskular frå og med 6. april. Dette vert no framskunda til 25. mars.

Nye nasjonale forskriftsfesta reglar

  • Det vert forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det vert forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningsentre skal haldast stengt, men kan halda ope tilbod til dei som er busett i kommunen, samt rehabilitering / opptrening individuelt eller i mindre grupper, og individuell trening og behandling som det kan bestillast time til. 
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande skal haldast stengt, men kan halda følgjande tilbod oppe: skulesymjing, organiserte symjekurs, organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle toppidrettsutøvarar, rehabilitering / opptrening som vert tilbydd individuelt eller i mindre gruppe med arrangør, og annan individuell handsaming som det kan tingast time til og der bad er ein del av behandlinga.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande vert stengt.
  • Arbeidsgjevar skal syta for at tilsette arbeider heimefrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogleg.
  • Personar som returnerer til Noreg etter unødvendige utanlandsreiser må tilbringa heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til måndag 29. mars. 
  • Det vert tilrådd at alle arrangement vert avlyst.
  • Dersom arrrangement ikkje kan usetjast gjeld desse reglane:

- innandørs er det tillatt med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitjeplassar
- innandørs er det tillatt 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune
- utandørs er kun 50 personar tillatt på arrangement; i gravferder og bisetningar er det tillatt med 50 personar når det vert nytta faste, tilviste plassar. 

Sjå også: Råd for påsken 2021 på regjeringen.no
 


 

Oversikt over tiltak

Sosial kontakt

  • Hald to meters avstand til andre, bortsett frå personar i eigen husstand (eller nærkontaktane til åleinebuande)
  • Bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halda avstand
  • Det er tilrådd med maks to gjestar på besøk. Ha helst kontakt med dei same over tid
  • Alle arrangement som det ikkje er absolutt naudsynt å halda, bør utsetjast
  • Du bør avgrensa sosiale kontakter mest mogleg
  • Handling
  • Me tilrår å berre nytta seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen

Reiser

  • Reiser til utlandet vert frårådd.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands.
  • Ein kan reisa på hytta aller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør som ein hovudregel følgja tilrådingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

Arbeidsplassar

  • Heimekontor for alle som har moglegheit
  • Arbeidsgjevar skal syta for at tilsette jobbar heimefrå på alle arbeidsplassar der dette er praktisk mogleg

Idretts- og fritidsaktiviteter

  • Born og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei vert unnateke frå avstandstilrådinga når det er naudsynt å driva med aktiviteten.
  • Born og unge under 20 år kan delta i idrettsarrangement som samla deltakarar frå same kommune. Innandørs kan det vera inntil 50 personar på slike arrangement. Utandørs er grensa 50. Det inkluderer utøvarar, trenarar, domarar og eventuelle tilskodarar. Dersom born og unge trener med eit idrettslag i ein annan kommune, vil dei kunna konkurrera med dette idrettlaget så lenge smittesituasjonen tillet der.
  • Born og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje inneber nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region (der region vert nytta som geografisk inndeling)
  • Utandørs kan vaksne driva organisert trening dersom det er mogleg å halda god avstand
  • Toppidrettsutøvarar kan trena som normalt, både utandørs og innandørs.
  • Toppidrettsarrangement vert tillatt, med unntak av seriespel som framleis vert tilrådd utsett i toppidretten. 

Høgare utdanning

  • Lokale ved universitet, høgskular og fagskular vert halde stengt for elevar og studentar, slik at undervisninga skjer digitalt. Bibliotekt og lesesalar kan halda oppe
  • Institusjonane kan gjera unntak frå stenging, dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengige av forsøk eller ferdigheitstrening som ikke kan gjennomførast digitalt, og det er naudsynt for å oppretthalda progresjonen i studiet

Reglar for heile landet

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Forbod mot innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar
  • Treningssentre skal haldast stengt, men kan halda følgande tilbod opent:
  • tilbod til dei som er busett i kommunen.
  • rehabilitering og opptrening som vert tilbydd individuelt; eller individuelt eller i mindre grupper med arrangør
  • individuell trening og handsaming som kan tingast time til.
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande skal halda stengt, men kan halda følgande tilbod opent:
  • skulesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • rehabilitering og opptrening som vert tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør
  • annan individuell behandling som det kan tingast ime til og der bad er ein del av behandlinga.
  • Stenging av underhaldningstilbod som fornøyelsesparkar og bingohallar

Reiser

  • Personer som har vore på unødvendige utanlandsreiser må opphalda seg på karantenehotell heile karanteneperiode (gjelder fra midnatt, natt til 29. mars)

Private sammenkomster og arrangement:

  • Inne: 20 personar med faste, tilviste sitteplasser (ned frå 100)
  • Inne: 50 personer i gravferder med med faste, tilviste sitteplasser (ned frå 100)
  • Inne: 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune
  • Ute: 50 personar på arrangement (ned frå 200 eller 600 ved faste, tilviste sitteplasser)

Uteliv, serveringssteder og arrangement med skjenkeløyve

  • Forbod mot skjenking av alkohol