Respekt – Omsorg – Tydeleg – Ærleg
Kommunen har desse fire verdiane som skal vere styrande for utøving av arbeidet i kommunen og særleg i samhandlinga mellom dei tilsette:

Respekt
Respekt er evne og vilje til å sjå og forhalda seg til andre. Tilsette, brukarar og innbyggjarar er medmenneske med rett til eigen tanke, eigen vilje, eigen forståing, eige verdisett, eigne kjensler m.m.

Omsorg
Omsorg er evne og vilje til å sjå andre tilsette, brukarar og innbyggjarar. Det inneber at eg prøver å forstå vedkomande sin situasjon og gi plass for denne i tanke og kjensler.

Tydeleg
Å vera tydeleg er evne og vilje til å formidla, å gje tilbakemelding og klargjera forventningar og synspunkt til tilsette, brukarar og innbyggjarar slik at det er lett å forstå. Når eg er tydeleg reduserer eg mottakaren sitt behov for tolking og ved det gjer eg vedkomande tryggare på innhald og situasjon.

Ærleg
Å vera ærleg er å formidla rett informasjon. Vidare er det å halda seg til kjernen i bodskapen. Ærleg er å gje informasjon og ha ein dialog slik at det er minst mogleg høve til mistolking. Det vil sei at ein ikkje formidlar ein bodskap som er faktisk rett, men som gjev høve til å oppfatte feil. Vidare er det å heile tida prøve å vere i kjernen av bodskapen.