Er organisert direkte under kommunedirektør, med ansvar og oppgåver knytt til administrativt og politisk arbeid internt i organisasjonen, til politikarane og til innbyggjarane i kommunen.  Administrasjon har ansvar for eigen stab og for 4 fagavdelingar. Me har også ansvar for kontakt og budsjett for hovudverneombod, hovudtillitsvalde, og for lærlingane i kommunen. Totalt 42 tilsette på rådhuset og i einingar knytt til oppvekst og omsorg.

Fokus for Administrasjon:
Brukar i sentrum: Brukarane våre (innbyggjarar, politikar og tilsette, næringsliv, frivillig sektor) og deira behov skal vera det sentrale utgangspunktet for våre tenester og oppgåveløysing.  Samhandling, koordinering, kommunikasjon og utvikling av felles prosedyrar er viktige område for oss, og me legg vekt på at digital kompetanse i organisasjonen skal styrkjast, dette gjer me for å sika deltaking og tillit til stadig nye digitale løysingar, både eigne og nasjonale fellesløysingar. Me jobbar også for kontinuerleg leiar og medarbeidarutvikling/oppdatering – gjennom eit felles system for læring på tvers i organisasjonen.

Under kan du sjå korleis administrasjon stab og våre fagavdelingar sitt ansvar for ulike område er fordelt.

Administrasjon – stab

Juridisk kompetanse.  Overordna ansvar for HMT, AKAN, leiar og medarbeidarutvikling, sektorovergripande prosjekt og planar, leiar administrasjonsutval. Ansvar for politikarstøtte og politisk reglement, sekretariat, oppfølging og koordinering av oppgåver og kontakt med ordførar, politisk miljø og kommunedirektør.  Ansvar for politisk sekretariat med oppfølging og koordinering av rutinar og retningsliner, ansvar for kommunal vigsel.  Ansvar for oppfølging og koordinering av sentrale fagområda som er knytt til dei ulike einingane i organisasjonen (Innan Oppvekst og Omsorg).

Leiar Administrasjon
Gunn Berit Sandnes Fosse
E-post: gunn.fosse@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 970 24 282

Informasjon

Ansvar for brukarkontakt, innbyggjarservice med intern og ekstern kommunikasjon, digitalt og i møte med brukar. Gjeld resepsjon, sentralbord, heimeside, facebook, grafisk design, og andre media.  Post/arkiv handterer postmottak for heile organisasjonen,  fysisk og digitalt, all dokumenthandtering og arkiv.  Sekretariat for politiske møte, møteinnkalling, deltaking på møta og protokoll.

Informasjon 
Arkivleiar og avdelingsleiar Lars Næs
E-post: lars.naes@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 951 69 166

Kontakt Informasjon
E-post: post@kvinnherad.kommune.no (arkiv)
E-post: innbyggjarservice@kvinnherad.kommune.no (Brukarkontakt/Nyhende)

IT

Digitaliseringsråd, IT support og vaktteneste 24-7, nettverk, sikkerheit, digital kommunikasjon, teknisk støtte.

IT sjef og avdelingsleiar Ronny Raudstein
E-post: ronny.raudstein@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 489 96 211

Kontakt IT
E-post: 

Personal

Løn og  velferdsordningar, kontaktledd NAV, rekruttering, KS læring, overordna plan- og prosjektarbeid innafor sentrale fagområde i samarbeid med Administrasjon stab. Bedriftshelseteneste kontaktledd.

Personal
Personalfagleg leiar
Yngvar Skarveland
E-post: yngvar.skarveland@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 918 59 215

Kontakt personal:
E-post personal: lonningskontoret@kvinnherad.kommune.no

Økonomi

Ansvar for overordna budsjett- og økonomiarbeid og økonomistyring, kraftfond, finans, rekneskap, fakturering, e handel, kommunal innkrevjing, startlån og tilskotsordningar frå Husbanken. Investeringsutval.   

Økonomi
Økonomisjef og avdelingsleiar
Niels Jakob Erlingsson
E-post: niels.jakob.erlingsson@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 952 08 909

Kontakt økonomi
E -post rekneskap: rekneskap@kvinnherad.kommune.no