Kvinnherad kommune er eit Noreg i miniatyr. Kommunen er omgitt av mektige fjell og idyllisk skjergard, og for deg som elskar friluftsliv er dette kommunen for deg! Kommunen byr på eit spanande næringsliv. Kulturlivet er mangfaldig; festivalar med tema innanfor kammermusikk, rock, mytologi og fiske.

Foto: Festidalen - Stig Framnes
Foto: Festidalen - Stig Framnes

Kvinnherad er eit samfunn med trivelege bygder som gjev gode og trygge oppvekstvilkår. Me har kring 13 100 fastbuande kjekke jenter og gutar. Husnes er regionssenter med vidaregåande skule og handelssenter og Rosendal er turistbygda med administrasjonssenter og Noregs einaste baroni. Kommunen grensar til Hardanger og ligg i idylliske Sunnhordland, Halsnøytunellen som no er utan bompengar bind kommunen saman og gjer at du kan køyra til vakre Halsnøy.

Kommunen har tunell frå Mauranger til Odda - dette gjev oss ferjefritt samband austover. Haugesund og Bergen er dei næraste byane. Buss og snøggbåt knyter Kvinnherad  saman med byane. Det er også direkte båtruter ut av kommunen til næraste flyplass som er Flesland.