Min Skule app for føresette

Kommunikasjon mellom føresette og skulane Kvinnherad har tidlegare føregått i ei SMS-løysing, med eige nummer til lærar/skuleleiar.

Ny kommunikasjons-app - frå 15.mars - den ser slik ut:  31z P 3V 5ZWffNfR 7AAAAAElFTkSuQmCC

 

Føresette lastar ned Min Skole – foresatt på telefonen og kommuniserer med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har òg ein funksjon der føresette sjølv legg inn melding om fråvær.

Med appen aktivert kan føresette

  • Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til

  • Motta melding frå tilsett/skulen, inkl. varslingar t.d. på SFO og Digitale skjema

  • Melde og redigera fråvær

  • Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO - tilstedeværelse

  • Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO - tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar

Appen Min Skole – foresatt, er allereie klar til bruk og vi ønsker at føresette lastar ned og loggar seg på appen så fort som mogleg. SMS vil framleis fungera i ein overgangsperiode fram til påske.

Dei som evt. ikkje kan bruka appen på telefonen sin har to alternativ:

Dersom du ikkje får til å bruka appen eller alternativa, ta kontakt med skulen.

Viktig:

Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. For å lesa halvårsvurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga på med id-porten på https://skole.visma.com/kvinnherad/

For meir informasjon:

Informasjonsfilm

Last ned appen: Min skole-foresatt

Rettleiar: Min skole-app

Rettleiar: Visma Flyt Skole

 

Visma flyt skule

Visma Flyt skule er Kvinnherad kommune sitt skuleadministrative program. Her kan du som forelder fylgje med på karakterar, vurderingar, fråvære, alle søknader, brev , dokument, meldingar som er sendt og SFO informasjon.

I løysinga kan ein per nå søkja om permisjon for eleven og søkja , endra og sei opp SFO plass.

Pålogging gjer ein enkelt via IdPorten (same som bank og altinn). Lenke til innlogging: https://skole.visma.com/kvinnherad

Hjelp til pålogging? Les meir her.

Office 365

Kvinnherad nyttar Office 365 til elevane. Der har alle elevar tilgang på e-post, OneDrive-lagring og diverse andre verktøy som mellom anna Klassenotatbøker. Desse verktøya nyttar skulen i det daglege skulearbeidet. Eleven lagrar sine private dokument i OneDrive og gjer lekser og anna innleveringsarbeid både i Klassenotatbøker og som eigne oppgåveinnleveringar i Skooler.

Office 365 er ei nettbasert løysing som gjer at elevane har tilgang til dokumenta sine frå kva som helst pc, nettbrett eller mobil så lenge den er kopla til internett.
Lenke til innlogging: https://www.office.com/ Elevane nyttar same brukarnamn og passord som på skule-pc. brukarnamn@skule.kvinnherad.no

Skooler

Skooler er ei løysing for innlevering av oppgåver og tilbakemelding på det pedagogiske arbeidet. De som foreldre har eigen pålogging til Skooler via https://foresatt.skule.kvinnherad.no/.