Elevane kan ha rett til skyss på ulike grunnlag.

Avstand 
* Elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulen
* Elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulen

Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom
Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har også rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane.

Føresette / foreldre må søke Fylkeskommunen / Skyss, og kan kontakte skulen for hjelp.

Andre grunnlag
* Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
* Elevar som har behov for båt-transport

Skjema finn du her
Søknad om skuleskyss

Aktuelle lenker
UDIR - regelverk
Verdt å vite - Skyss