Visma flyt skule

Visma Flyt skule er Kvinnherad kommune sitt skuleadministrative program. Her kan du som forelder fylgje med på karakterar, vurderingar, fråvære, alle søknader, brev , dokument, meldingar som er sendt og SFO informasjon.

I løysinga kan ein per nå søkja om permisjon for eleven og søkja , endra og sei opp SFO plass.

Pålogging gjer ein enkelt via IdPorten (same som bank og altinn). Lenke til innlogging: https://skole.visma.com/kvinnherad

Hjelp til pålogging? Les meir her.

Office 365

Kvinnherad nyttar Office 365 til elevane. Der har alle elevar tilgang på e-post, OneDrive-lagring og diverse andre verktøy som mellom anna Klassenotatbøker. Desse verktøya nyttar skulen i det daglege skulearbeidet. Eleven lagrar sine private dokument i OneDrive og gjer lekser og anna innleveringsarbeid både i Klassenotatbøker og som eigne oppgåveinnleveringar i Skooler.

Office 365 er ei nettbasert løysing som gjer at elevane har tilgang til dokumenta sine frå kva som helst pc, nettbrett eller mobil så lenge den er kopla til internett.
Lenke til innlogging: https://www.office.com/ Elevane nyttar same brukarnamn og passord som på skule-pc. brukarnamn@skule.kvinnherad.no

Skooler

Skooler er ei løysing for innlevering av oppgåver og tilbakemelding på det pedagogiske arbeidet. De som foreldre har eigen pålogging til Skooler via https://foresatt.skule.kvinnherad.no/.