Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som etter grundig vurdering inneber for stor byrde for kommunen.

Individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet skal ivareta barn som ikkje får behova sine dekka gjennom den generelle tilretteleggingsplikta som barnehagane har. Kommunen si plikt gjeld tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunna gjera seg nytte av barnehageplassen. Tilrettelegginga kan vera av fysisk eller organisatorisk art. Kortvarig funksjonsnedsetting, som til dømes beinbrot, er ikkje omfatta kommunen si tilretteleggingsplikt.

Foreldra melder behov for tilrettelegging av barnehagetilbodet til sitt barn. Det er ingen frist for melding. Det er å tilrå at meldinga er skriftleg. Barnehagen kan gje hjelp og rettleiing.

Skjema finn du her.

Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne etter barnehagelova §19g Barn med nedsatt funksjonsevne.

Dersom individuell tilrettelegging i barnehage medfører uforholdsmessig byrde, kan kommunen i unntakstilfelle tilby barn plass i ein annan barnehage enn det føresette ønskjer. Avgjersle om særleg tilrettelegging grunna nedsett funksjonsevne er enkeltvedtak etter forvaltningslova, og foreldra har klagerett. Klageinstans er Fylkesmannen, jf. barnehagelova §9b.