Foreldra er dei viktigaste samarbeidspartnarane til barnehagen. Gjennom dialog mellom foreldra og barnehagetilsette vert det skapa tillit, slik at det gode samarbeidet vert etablert. Dette er grunnlag for barnets trivsel og oppleving av barnehagetilbodet.

I samband med barnehagestart er det ulike skjema som føresette må fylla ut. Dette blir gjort i tilvenningstida. Dersom det i løpet av barnehagetida er aktuelt med systematisk dokumentasjon og vurdering av eit barn, skal barnehagen alltid ha samtykke frå føresette. All informasjon som barnehagen får, skal oppbevarast i tråd med arkivreglar.