Informasjon om barnehagetilbodet vert sendt til alle som får barnehageplass i Kvinnherad kommune. Det er verdt å merkja seg at noko informasjon gjeld alle barnehagane i kommunen, medan noko gjeld berre dei kommunale barnehagane.

Foreldre med barn i private barnehagar kan innhenta relevant informasjon i den barnehagen der barnet har plass.

Samarbeid
Alle barnehagane samarbeider med helsestasjon– PPT – barnevernstenesta – skule m.fl.

Barnehagetilsette har teieplikt, jf. Barnehagelova §20 og Forvaltningslova §13, opplysningsplikt til sosialtenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta,
jf. Barnehagelova §21, opplysningsplikt til barnevernstenesta, jf. Barnehagelova §22.
 

Tilbodet i barnehagane
Lov om barnehager m/forskrifter er styrande for innhald og drift av barnehagar. Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barn sine behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. Lov om barnehager §1 Formål.

Plasstilbod og opningstider varierer mellom barnehagane. Meir informasjon kan ein få ved å venda seg til den einskilde barnehagen.

Leikande barn - figurar.png

Retningslinjer for opptak - kommunale barnehagar

Opptakskrets
Barn busett i Kvinnherad kommune har rett til barnehageplass i kommunen dersom det er søkt om plass innan frist for hovudopptak og barnet har fylt eitt år innan utgangen av november same år.

Opptaksperiode
Barnet får behalda plassen til det byrjar på skulen eller til plassen vert sagt opp.

Generelt
For barn med lovfesta rett til barnehageplass etter barnehagelova § 13, er det inga nedre aldersgrense for barnehageplass. Barn som har rett til prioritet etter § 13, har førerett til barnehageplass før barn som har rett til barnehageplass etter § 12a.

Ved opptak blir det teke omsyn til samansetjinga av barnegruppa og dei fysiske tilhøva i barnehagen. Søkjarar vert sett på venteliste etter fødselsdato.

Prioritet ved opptak

  1. Barn med nedsett funksjonsevne, jf. barnehagelova § 13. Krav til dokumentasjon: skriftleg sakkunnig uttale frå t.d. PP-tenesta, lege.
    Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, jf. barnehagelova § 13. Krav til dokumentasjon: skriftleg vedtak frå barnevernstenesta.
  2. Barn med rett til barnehageplass, jf. barnehagelova § 12a. Barn som er busette i Kvinnherad kommune og som fyller eitt år innan utgangen av november, har rett til plass frå den månaden dei fyller år. Føresetnad er at det er søkt innan utlyst frist.
  3. Barnet har ei tilråding frå lege, helsestasjon eller pedagogisk psykologisk tenestekontor/PPT.

  4. Det er sjukdom eller andre store belastningar i familien.

  5. Eldste barn vert prioritert først.

Vedteke av Kvinnherad kommunestyre 25.02.2016.