Barn med særlege behov for spesialpedagogisk hjelp har rett til dette. Retten til spesialpedagogisk hjelp skal vurderast på sjølvstendig grunnlag, ut frå barnet sitt behov for hjelp. Retten til spesialpedagogisk hjelp er ikkje avhengig av at barnet går i barnehage.

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom det har særlige behov for det. Dette gjeld uavhengig av om de går i barnehage.

Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale ferdigheiter. Spesialpedagogisk hjelp kan gis til barnet individuelt eller i gruppe. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgjevning.

Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen. (…), jf. barnehagelova §19a Rett til spesialpedagogisk hjelp.

Hjelpa kan bli gitt direkte til barnet eller i gruppe.

Barn med rett til spesialpedagogisk hjelp må ha behov som skil seg frå/er meir omfattande enn det som er vanleg i høve til barn på same alder. I ei vurdering er det aktuelt å sjå på barnet si utvikling, læring, evner og føresetnader.

Foreldre melder behov for spesialpedagogisk hjelp. Det er ingen frist for melding. Det er å tilrå at meldinga er skriftleg. Barnehage, PPT, helsestasjon eller andre offentlege instansar kan gje hjelp og rettleiing.

Skjema finn du her.

Før kommunen gjer vedtak om spesialpedagogisk hjelp, skal pedagogisk psykologisk teneste/PPT utarbeida sakkunnig vurdering om barnet har behov for slik hjelp, og kva hjelp som bør gjevast.

Foreldre har rett til å gjera seg kjent med/koma med uttale i høve til innhald i sakkunnig vurdering før kommunen gjer vedtak. Dei skal også gje samtykke til at det vert gjort vedtak om spesialpedagogisk hjelp, jf. barnehagelova §19b. Dersom foreldra ikkje gjev samtykke, kan vedtak ikkje fattast.

Avgjersle om spesialpedagogisk hjelp er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og foreldra har klagerett. Klageinstans er Fylkesmannen, jf. barnehagelova §9b.