Legevakta er bemanna med sjukepleiarar delar av døgnet:

Kvardagar 17-22
Laurdag 10-18
Søndag 11-20

Døme på tilstandar der ein skal ringe 113:

  •   akutte pusteproblem
  •   sterke brystsmerter
  •   alvorleg skade og ulykke
  •   medvitsløyse, kramper

Døme på tilstandar der ein skal ringe legevakt telefon 116 117:

  • høg feber og medtatt allmentilstand
  • høg feber eller mistanke om alvorleg sjukdom hos små barn
  • større sår og kutt som må syast
  • akutte smerter i mage eller bryst
  • skade med mistanke om brudd
  • akutt alvorlig psykisk sjukdom eller traume («livskrise»)
  • mistanke om svangerskapskomplikasjon (t.d. smerter, blødning)

Døme på tilstandar som vanlegvis vil bli henvist til fastlege neste dag:

  • vanleg forkjøling og influensa
  • øyreverk
  • bronkitt og hoste uten feber
  • mindre alvorlege tilstandar som har vart i fleire dagar
  • små skader og kutt som ikkje treng særskild handsaming
  • ryggsmerter, leddsmerter, muskelsmerter utan andre symptom (kink, senebetennelse)
  • fornying av resept eller behov for sjukemelding

Fastlegen kan òg gje hjelp raskt

Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du ringje fastlegen din og spørje om du kan få ein time. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time på
dagen dersom situasjonen krev det. Du skal alltid vende deg til fastlegen din når det gjeld:

  • sjukemelding
  • fornying av resept
  • varige plagar utan akutt forverring

Ring oss og spør

Ring og spør om du er usikker. Vi er her for å hjelpa deg! Saman kan vi finne ut kva hjelp du treng. I mange tilfelle vil vi kunne hjelpa deg på telefon, så slepp du å reise til legevakta. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte, treng vi ofte informasjon om tilstanden din, eventuell feber, om tidlegare sjukdomar og faste medisinar.

Dette kan vere lurt å ha i huset:

  • termometer
  • febernedsetjande stikkpiller/tablettar til born
  • smertestillande tablettar
  • nasespray
  • plaster/bandasje

Visst du må vente, er det fordi andre treng hjelpa raskare
På legevakta hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan òg bli kalt ut til akutte hendingar. Difor kan det henda at du må venta, sjølv om du har avtalt time.

Betaling av legevakta
Legevakta krev betaling etter faste takstar.Ta med eventuelt frikort. I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter, det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er. Telefonrådgjeving er gratis.

Nyttige telefonnummer:
Apotek - Vitusapotek Husnes
tlf. 53 48 43 80
Giftinformasjon
tlf. 22 59 13 00 heile døgnet
Rosendal Helsenter
tlf. 53 48 32 00
Husnes Helsesenter
tlf. 53 46 16 00
Halsnøy Helsesenter
tlf. 53 46 15 30
Hatlestrand Helsesenter
tlf. 53 46 14 80