Kvinnherad kommune har kring 13 200 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Kommunen har ein god og stabil legedekning. I tillegg til kommunelege I er det 14 legar i kurativ teneste, alle med private avtaleheimlar. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga er fordelt slik at dei fleste legane har 20 % av arbeidsveka avsett til offentlege allmennlegetenester. Kommuneoverlege i 40 % stilling.

Kvinnherad kommune har bemanna LV-kontor på Husnes, lokalisert mellom Husnes helsesenter og ambulansestasjonen på Husnes. LV-kontoret er bemanna med sjukepleiar vekedagar kl 16.45 - 22.00, laurdag kl 10.00 – 18.00 og søndag kl 11.00 – 20.00. Vaktordninga har vore stabil og 10-/12-delt dei siste åra. Legevakt dekkjer kring 12 000 av innbyggjarane. Kvinnherad kommune kjøper legevakttenester frå Tysnes kommune til dei om lag 1000 innbyggjarane i Ølve-/Hatlestrand-området.

Kvinnherad kommune er ein vidstrakt kommune og er knytt til Helse Fonna sitt ansvarsområde, turnuslegepraksis til Stord sjukehus. Legane er fordelt i fire geografiske soner, med eit helsesenter i kvar sone. Turnuspraksis i allmennmedisin vert for tida tilbode ved Rosendal helsesenter. Her er fem fastlegar samlokalisert; tre mannlege og to kvinnelege legar, hjelpepersonale i totalt 3,5 stilling; ein bioingeniør, to sjukepleiarar og ein helsesekretær.

Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett, har innført E-resept og nyttar Nissy ved bestilling av drosje/transport av pasientar.

Søknad kan sendast via Helsedirektoratet sin webbaserte søknadsportal: http://www.helsedirektoratet.no/helsepersonell/turnusordning-for-leger/Sider/default.aspx

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få hos kommuneoverlege Glenn André Opland tlf. 977 09 308, eller einingsleiar Liv Sætre Eik tlf. 488 94 055.