Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) er verkøyet for kommunen si heilheitlege planlegging. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommune vektleggja viktige utfordringar knytta til samfunnsutvikling og synleggjera dei strategiske vala kommunen tek. Særskilt viktig er dette for sentrale samfunnstilhøve som folkehelse, born og unge, integrering, næringspolitikk m.m..

Gjennom samfunnsdelen skal kommunen synleggjera utfordringar, mål og stategiar for kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal gje overordna mål for sektorane si planlegging og retningsline for korleis kommunen sine eigne mål og stategiar skal gjennomførast i den kommunale verksemda.

Kvinnherad kommune sin samfunnsdel er frå 2000, og kan lastast ned her. Det er viktig å få på plass ein nyare og oppdatert samfunnsdel til kommuneplanen, og arbeidet med planprogrammet (samla planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel) starta opp våren 2018. 

Husnes_sentrum_flybilete  Skålakaien og verftbygningar

Regionsenteret Husnes og det gamle verftområdet i Skålafjæra. Foto: Kvinnherad kommune