Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er ein vesentleg del av kommunen sine langsiktige plangrunnlag og skal visa samanhengen mellom samfunnsutviklinga, behov for vern og utbygging og framtidig arealbruk (jamfør pbl. § 11-5). Arealdelen skal fastsetja kva dei ulike areala skal kunna nyttast til, sånn at det bli enklare å utarbeide meir detaljerte planar for enkeltområde. Då kan det òg raskt og enkelt fattast ei avgjersle i enkeltsaker i tråd med kommunale mål og nasjonal arealpolitikk. Arealdelen er eit verktøy for å sikre at arealbruken i kommunen bidreg til å nå dei måla som blir vedteken for kommunen si utvikling. Arealdelen skal òg ivareta nasjonale og regionale interesser.

Gjeldande arealdel for Kvinnherad kommune vart vedteken av kommunestyret 22.03.2018 og inneheld plankart, føresegner og planforklaring. Plankartet er digitalt og er å finne på kommunekart.com. Føresegner, planforklaring, KU og ROS, samt andre dokument knytt til kommuneplanen sin arealdel, finn ein i planregisteret til kommunen.

Plankart_KPA

Kommuneplanen sitt arealplankart (22.03.2018)