Vi ønskjer ei oversikt over tilgjengelege innbyggjarar som kan vera med å hjelpa med oppgåver i helse og omsorg om det skulle bli eit ekstra behov i løpet av vinteren. Spesielt i akuttfase der fleire helsepersonell må i karantene samtidig.

Kartlegging helsepersonell og andre som kan bidra inn mot helsesektoren

Mogleg ekstra personell til helse og omsorgstenesta

I samband med utbrot av koronaviruset, har Kvinnherad kommune behov for å skaffe oversyn over reservar og ressursar i kommunen:

  • Ber om at de melder inn til kommunen om du har ei utdanning innanfor helse, omsorg, miljøterapi mat/kokk og eller/ tidlegare arbeidserfaring frå helse og omsorgssektoren. 
  • Det vil òg vera nyttig å få eit oversyn av innbyggjarane som kan ta på seg ulike oppgåver knytt til tenestene våre, det kan vera oppgåver knytt til måltider, telefonvakt og liknande, eller oppgåver som kan krevje opplæring og der vi kan leggje til rette for dette. 

Me ønskjer i hovudsak opplysningar om yrke/kompetanse og erfaring innan helse og omsorg. De kan når som helst be om sletting av opplysningane.

Ønskjer du å bidra? Ber om at de sender informasjon til: bemanning.helse@kvinnherad.kommune.no

  • Vi ønskjer å danne oss eit bilete kven som kan bidra, kva du kan bidra med og vet om du har helsefagleg bakrunn. Så tek vi kontakt med deg. På førehand takk!
  • Dersom vi kjem i ein situasjon der vi manglar personell, tek vi direkte kontakt med deg.

Det er fint om du har erfaring og kompetanse frå sektoren, men vi vil gjerne også ha inn folk som har moglegheit og som vil hjelpa på dagar når vi skulle hatt noen fleire med oss i miljøet. Om du melder deg til ressurs for oss vil du få opplæring og innføring på den arbeidsplassen. Det er spesielt helger og kveldar som er aktuelle.

FRIVILLIGE

Vi søker frivillige i miljøet på institusjonane våre og ressursar som kan gå vakter om ein har kompetanse og opplæring til å fylle fleire funksjonar.

Vi ønskjer å lage ei oversikt over frivillige som kan bidra til å sikre gode kommunale tenester i disse koronatider - dersom det vert naudsynt. Vi kan koma til å trenga hjelp til mange oppgåver. Vil du bidra?

Kvinnherad kommune deltar aktivt i den store felles helsedugnaden for å stoppe spreiinga av koronaviruset. Det kan ta tid. Vi kan komma i ein situasjon der vi, på grunn av karantene og sjukdom, ikkje har nok folk til å levere gode nok tenester til våre innbyggjarar. Difor ønskjer vi allereie no å skaffa oss ei oversikt over frivillige som ønskjer å bidra dersom det vert naudsynt. 

Ønskjer du å bidra? Ber om at de sender informasjon til: bemanning.helse@kvinnherad.kommune.no

  • Vi ønskjer å danne oss eit bilete kven som kan bidra, kva du kan bidra med Så tek vi kontakt med deg. På førehand takk!
  • Dersom vi kjem i ein situasjon der vi manglar personell, tek vi direkte kontakt med deg.