Skogeigaren skal sørgje for forynging etter hogst jamfør skogbrukslova § 6. Det skal vere ei samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Om forynginga skjer ved planting, skal denne plantinga vere gjennomført innan tre år etter hogsten.

Kommunen kan etter søknad utsetje fristen når det, ut frå klimatiske og lokale tilhøve, er naudsynt. Ny frist kan maskimalt vere på to år, og tidspunktet for når forynginga skal vere gjennomført kan aldri overskridast med fem år etter hogsttidpunktet. Kommunen skal ved stikkprøver kontrollere om naudsynte foryngingstiltak er gjennomført og om foryngeing er tilfrestillande etablert, jamfør berekraftforskrifta §§ 7 og 8.

Samstundes står skogeigar fritt til å omdisponere skogarealet til beite. Når skogeigar har tatt skoareal i bruk til innmarksbeite, fell foryngingsplikta vekk. Det er ein føresetnad at arealet er reelt omdisponert til beite. Dette må kommunen vurdere i kvar enkelt sak, etter lokale tlhøve og indikatorar i retningslinene (Landbruksdirektoratet).

  • Beitedyr på beite
  • Arealstatus er endra frå skogareal til jordbruksareal i AR5
  • Arealet inngår som grunnlag for utbetaling av produksjonstilskot
  • Hogstavfallet er rydda
  • Tidsaspektet. Kor lenge er det sidan arealet gjekk ut av skogproduksjon
  • Inngjerding er ferdig eller byrja på
  • Storleiken av arealet
  • Antal og type beitedyr på arealet
  • Beitetrykket er så stort at det ikkje skjer ei naturleg gjengroing av arealet
  • Arealet oppfyllet krav til grasdekkje (minimum 50 % grasartar og/eller urter som tåler beite)

Om kommunen finn at fleire av indikatorane i lista over peiker i retning av at omdisponering til beiteareal ikkkj er reel, kan det vere grunn til å fastslå nettoppdette. I slike tilfeller kan det vere grunn til å følgje opp med pålegg om forynging.