Kva er tilbakeslag?

Det hender at vatn vert trykka eller sugd tilbake frå ein kran eller tilkopling, for eksempel tilkopla hageslange som ligg i ei bøtte. Vatnet kan koma ut i andre kranar i same hus, eller ut på offentleg leidningsnett. Det er 2 hovudårsaker til dette:

  1. Trykkfall på kommunens nett fører til at vatn renn tilbake (eventuelt etter hevertprinsippet) frå eit tappepunkt, eller....
  2. Abonnenten har interne pumpesystem med høgare trykk enn kommunens vasstrykk. Teknisk eller manuell svikt for at vatn eller andre vesker vert pumpa ut på nettet frå eit anna tappepunkt.

Virkninga kan verta merkelig, som da øl frå ein pub i Kristiansund kom ut av krana til naboen. Den mest alvorlege hendinga i Norge i nyare tid skjedde i 1978, då opp mot 150 var sjuke grunna at ein fabrikk pumpa forureina elvevatn ut på kommunens vassforsyningsnett ved eit uhell.

Kva type tilbakeslagsventil skal monterast?

Tilbakeslagsvetilen skal væra i hht NS1717, med væskekategori tilpassa anlegget. 

Væske kategori Definisjon av væskekategorien Type utstyr
5

Alle væsker som kan innehalda smittestoff, dvs. bakteriar, virus eller parasittar som kan gjera personar sjuke.

Dette omfattar avløpsvatn, alt vatn som kan ha vore i kontakt med husdyrgjødsel o.o., og elvevatn, sjøvatn og anna vatn i naturen.

AA - uinskrenka luftgap

AB - Luftgap med ikkje-sirkulært overløp.

4 Væske som kan innehalda stoff som er gifitg, kreftframkallande, radioaktivt eller mutagent (som påverkar arvestoffet). Dette omfattar blandt anna ein del industribruk. BA - Tilbakestrømsikring med kontrollerbar sone med redusert trykk.
3

Væske som kan innehalda andre kjemikaliar enn dei som er nemnt under kategori 4.

Dette omfattar ei rekkje kjemikaliar, vaskemiddel m.m. Også vatn som har stått så lenge at det har vorte påverka av tungmetaller, rust eller andre stoff frå røyrane, kan reknast i denne kategorien.

CA - Tilbakestraumsikring med ikkje-kontrollerbare trykksoner.

GA - Mekanisk avbrytar

DA - Vakumventil

2 Vatn som ikkje utgjere noko helsefare, og drikkevetn som kan ha endra smak, lukt eller utsjånad. Dette omfattar bl.a. ferdige næringsmiddel. EA - kontrollerbar tilbakeslagsventil.
1 Reint drikkevatn Ikkje aktuelt

Det kan væra unntak, men viser spesielt til unntaket for hushaldningar som har fylgjande:

Tappepunkt: Kan nytta utstyr berekna på:
Tappekran med dusj ved handvask, servant, badekar; unnateke toalett og bidè Alle typar tilbakeslangs sikring som er beskrive i NE-EN 1717 kan nyttast.
Badekar med innløp under overkanten av karet Kategori 3
Kran med slangekopling, hagekran Kategori 3
Nedgrave vatnings system Kategori 4

 

Kvar skal ventilen monterast?

Eksempel på montering av tilbakeslagsventil i bustad:

Stengeventil, avtappingsventil og sil skal monterast før sikringsutstyret. Skal ikkje installerast der det er fare for oversvømming eller i forureina atmosfære. Utløpet bør koplast til drenering/avløp.

Plassering av tilbakeslag.jpg

Viktig å huska på ved montering av tilbakeslags ventil

Når det vert montert tilbakeslagventil, stenger ein mogleghieta for at vatn kan gå tilbake til kommunalt nett. Når vatn vert oppvarma (beredar og/eller romtemperatur) utvidar dette seg, og ved stengd ventil vert det høgare trykk inne på sanitær anlegget. Det må difor alltid monterast ekspansjonskar i samband med montering av tilbakslagsventil. 

Eksempel på ekspansjonskar:

6768092.jpg