Ein reguleringsplan blir til gjennom ein lovregulert prosess etter føresegnene i plan- og bygningslova (pbl. kap 12). Forslagstillar er ansvarleg for å produsere naudsynt dokumentasjon til sakshandsaming og politisk handsaming. Om ein ynskjer, kan ein alltid kontakte den som fremjar planforslaget og sakshandsamaren i kommune for å få svar på det ein lurer på undervegs. Ein kan sende inn formelle innspel ved to tidspunkt i prosessen:

  • Når varsel om oppstart av planen blir annonsert (i aviser, kommunen si heimeside, brev til berørte partar)
  • Når forslaget til planen blir lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.

Kvinnherad kommune har laga ei startpakke som skal vera til hjelp for dei som ynskjer å fremje ein reguleringsplan etter pbl. kap. 12.

Saksgong i planprosessen

Innleiande møte/Oppstartsmøte: Det er krav til oppstartsmøte med planmynde i kommunen før planarbeidet vert sett i gang, slik at ein får avklara rammer og føresetnader for planen.

Fastsetting av plangrenser: Framlegget til plangrense skal sendast planmynde i kommune for kontroll etter at oppstartsmøtet er halde og før det vert meldt oppstart. Plangrensa skal leverast som sosi til til kommunen.

Basiskart bestiller ein gjennom Infoland.

Melding om oppstart av planarbeid: Forslagstillar skal alltid kunngjera ei melding om oppstart av planarbeidet i minst ei avis som er minneleg lest på staden, og gjennom elektroniske mediar. Registrerte grunneigarar og festarar i planområdet, og så vidt mogleg andre rettshavarar i planområdet og naboar til planområdet, skal når dei er direkte råka, på høveleg måte underrettast om oppstart av planarbeidet. Om planen utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing (KU), skal framlegget til planprogram med utgreiingsprogram sendast på høyring og leggjast ut på offentleg ettersyn samstundes med oppstartsmeldinga.

Planarbeid med krav om planprogram og konsekvensutgreiing: Framlegg til planprogram med mottekne merknader og kommentarar skal etter høyringa sendast til kommunen og kommunen skal fastsetja programmet før planframlegget vert utgreidd.

Handsaming av innspel og merknader i samband med oppstart: Forslagsstillar er mottakar av eventuelle merknader i samband med melding om oppstart og ansvarleg for å kommentera dei i planomtalen eller i eige følgjeskriv, samt å innarbeide dei i plandokumenta. Kopi av innspel/merknader skal òg leggjast ved plandokumenta ved innlevering av planforslaget.

Oversending av framlegg til plankart, føresegner og planomtale: Når planframlegget er klart frå forslagstillar si side, skal det oversendast komplett med alle tilhøyrande filer. Kommunen oppmodar til undervegsmøte i løpet av prosessen. Det er viktig at alle dokumenta er merka korrekt med rett dato, planident og liknande.

Gjennomgang av planframlegget: Kommunen går igjennom planframlegget teknisk og innhaldsmessig. Om kommunen har merknader, innarbeider forslagstillar justeringar i plandokumenta.

Justert planframlegg vert oversendt kommunen: Hugs revisjonsdato på alle dokument som er endra.

Saka vert lagt fram til politisk handsaming 1. gong (pbl. § 12-11): Administrasjonen førebur saka for handsaming. Saka med alle vedlegg skal vera ferdig frå administrasjon og oversendast til møtesekretæren 14 dagar før møtedato.

Kommunen gjer evt. politisk vedtak om utlegging til offentleg ettersyn: Om det ikkje vert gjort vedtak om endringar i planframlegget eller berre vert gjort mindre opprettingar, er saka klar for utlegging til offentleg ettersyn. Om kommunen vedtek å gjera vesentlege endringar i planframlegget, kan det vere aktuelt å sende planframlegget attende til forslagstillar før det vert gjort vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Kommunen kan avslå å leggja planframlegget ut til offentleg ettersyn. Dette skal i så fall grunngjevast og planframlegget kan då i visse høve krevjast lagt fram for kommunestyret (pbl. § 12-11).   

Offentleg ettersyn (pbl. § 12-10): Kommunen sørgjer for å leggje planframlegget ut til offentleg ettersyn og å senda det på høyring til registrerte grunneigarar, festarar, og så vidt moglege andre rettshavarar i planområdet, samt naboar til planområdet, når dei er direkte råka. Brev til høyringsinstansane med orientering om høyringsfrist vert sendt ut saman med plandokumenta. Høyringsfristen er minimum 6 veker, og ved større saker kan fristen vere lengre. Planframlegget vert kunngjort i lokalavis og på kommunen si nettside.

Gjennomarbeiding etter offentleg ettersyn: Etter gjennomgangen av innkomne merknader, skal plandokumenta eventuelt rettast opp og i samarbeid med forslagstillar tek kommunen stilling til kva eventuelle endringar som skal gjerast. Planframlegget må leggjast ut på nytt offentleg ettersyn og sendast på ny høyring om det vert gjort vesentlege endringar. Avgrensa høyring til dei som er direkte råka av endringane kan vera aktuelt om det er mindre endringar.

Endeleg planframlegg vert sendt kommunen: Planframlegget må rettast opp før 2. gongs handsaming. Planen vert fyrst teken opp til 2. gongs handsaming når datasettet sitt innhald er i høve til nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister.

Politisk handsaming 2. gang - innstilling til kommunestyret (pbl. § 12-12): Kommunen si innstilling vert lagt fram for kommunestyret for endeleg vedtak. Mindre reguleringsplanar og mindre reguleringsendringar kan i visse høve vedtakast på ein enklare måte avhengig av kommunen sitt delegasjonsreglement.

Vedtak i kommunestyret (pbl § 12-12): Kommunestyret vedtek reguleringsplanen i medhald av pbl. § 12-12. Om kommunestyret ikkje er samd i innstillinga, er hovudregelen at planen skal sendast attende for ny innstilling med retningsliner for det vidare arbeidet.  

Kunngjering av vedteken plan (pbl. § 12-12): kommunen underrettar per brev om vedteken plan til registrerte grunneigarar, festarar, og så vidt mogleg andre rettshavarar i planområdet, samt naboar til planområdet når dei vert direkte råka. Kommunen underrettar per brev om vedteken plan til fylkesmannen, fylkeskommunen og andre statlege eller fylkeskommunale instansar. Melding om vedteken plan vert kunngjort i lokalavisa og på kommunen si nettside. Når klagefristen er ute og det ikkje er kome klage, skal planen arkiverast i kommunen sitt planarkiv og digitale planregister.  

Klage: Ein eventuell klage på vedteken reguleringsplan skal sendast til kommunen. Administrasjonen førebur klagesaka for politisk handsaming. Kommunen kan ta klagen til følgje, eventuelt vert klagen oversendt fylkesmannen for endeleg avgjerd.