Kvinnherad kommune har eit SFO tilbod på alle skulane med barnetrinn. Tilbodet er for barn på 1.- 4. trinn og barn med særskilte behov på 1.- 7. trinn. Opningstida er frå kl. 07.00 - 16.00 alle skuledagar (190 dagar).

Opning i feriar er samla på 2 skular, Undarheim skule (Husnes) og Malmanger skule (Rosendal). Her kan elevar frå heile kommunen søke. Opningstida på dette tilbodet er kl. 08.00 - 15.30.

Påmelding og oppseiing
Søknadsfristen er 1.mars. Ein kan søke seinare, men er då ikkje garantert plass. Her finn du søknadsskjema. Opptaket gjeld til plassen blir endra eller sagt opp. Ein treng ikkje sei opp SFO-plassen etter 4. trinn - det skjer automatisk.

Meir informasjon 
Digital SFO søknad
Oversikt over tilboda
Vedtekter