POSTLISTA FRAM TIL 31.12.2021    POSTLISTA FRÅ 01.01.2022

Her finn du oppskrift på korleis ein finn utvalsmøter, medlem og saksdokument i den nye postlista: www.kvinnherad.kommune.no/korleis-finna-utvalsmoeter-medlem-og-saksdokument.html

Innsynsretten i kommunen sine dokument er heimla i offentleglova med forskrift og personopplysingslova.

Offentleg tilgjengelege dokument søkjer du sjølv opp og les på postlista. Dokumenta blir publisert på internett når dei er registrert/journalført. 

På postlistene kjem post som:

  • er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
  • har allmenn interesse
  • har verdi som dokumentasjon

Dokument med personnummer, kontonummer o.l. (tilgongskode IP) blir ikkje publisert, men er tilgjengeleg på førespurnad.

Dokument som er unnateke offentligheit
Dokument som etter lova er underlagt teieplikt, er unnateke offentlegheit. Om innsynsrett i offentlege dokument, sjå Offentleglova kap 2 og 3.

Dokument som ikkje ligg på postlistene
Eldre dokument
Dokument på postlista, under felt siste journalposter, er tilgjengeleg frå 01.01.2016.
Personsaker
Dokument knytt til arkivdel for personale, elevar og klientar blir ikkje publisert.

Eventuelle krav om innsyn kan rettast til post@kvinnherad.kommune.no .

Pasient- og klientsaker vert handsama i lukka fagsystem og blir haldne utanom internett. Partinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Krav om innsyn må rettast til aktuell tenestestad.

Du treng Adobe Acrobat Reader for å lese dokumenta. Last ned her.

Les meir om innsynsrett her.