Foreldrebetaling

For foreldre til barn som tek imot tilbod i barnehage og SFO, gjeld ordinære reglar om foreldrebetaling, uavhengig av tal på timar tilbodet omfattar. Foreldre kan søke om moderasjon i foreldrebetalinga i barnehage og SFO på ordinær måte. Foreldre som held barna heime utan helsegrunnar, må betala eller sei frå seg plassen.

Dette betyr:

  • Dei som berre har morgonope må betala fullt.
  • Sjølv om opningstida er redusert på ettermiddagen blir det full foreldrebetaling.
  • Sjølv om foreldra vel å halda barna heime frå SFO blir det full foreldrebetaling.

I vedtektene til Kvinnherad kommune står det at foreldra må betala fullt for plassen ut skuleåret om dei ønskjer å seia opp etter 1. april.

Einaste grunn for å ikkje betala for SFO-plassen er om foreldra kjem med legeerklæring på at heimesituasjonen gjer at barna ikkje bør gå på SFO.

Sjå elles siste nytt frå regjeringa – som mellom anna gjeld betaling:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/barnehager-skoler-og-sfo-kan-ha-kortere-apningstid/