Kommunal kompensasjonsordning covid 19 – runde 3

Kvinnherad kommune - Kommunal kompensasjonsordning Covid 19 – runde 3

Gjennom statsbudsjettet 2021 - kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder 553 post 68, har Kvinnherad kommune i høve til Stortinget sitt budsjettvedtak av 18.06.2021, mottatt kr. 1.185.000 til fordeling til lokalt næringsliv. 

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder. 

Målgruppa er dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Det vil bli vektlagt om søker heilt eller delvis fell utanfor øvrige kompensasjonsordningar, om dei har fått støtte frå før og har mista kundegrunnlaget som følge av smitteverntiltak. Dette er særleg aktuelt for bedrifter som i hovudsak rettar seg mot den utanlandske marknaden.

Ordninga omfattar:

  • Nedgang i omsetning i deler av / heile 2020 og 2021.
  • Økte kostnader som følge av smitteverntiltak
  • Faste kostnader og/eller forpliktingar som ikkje er dekka av andre ordningar
  • Dersom det er andre element som de meiner bør med i vurderinga, bør ein utgreie dette.  

Kriteria:

  • Verksemda må ha operativ verksemd i Kvinnherad  kommune
  • Bedrifter utan tilsette kan ikkje søke. Unntak er enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap der føretaket si inntekt er minst ein av deltakarane si hovudinntekt
  • Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

ENDELEGE KRITERIER FASTSETT I FORMANNSKAPSMØTE I KVINNHERAD KOMMUNE 16.SEPTEMBER 2021: 

Kriteria:

Tredje tildeling er på kr 1.185.000. Kommunedirektør tilrår å tildele ut frå eit minimumsbeløp på kr 30.000 aukande til maksimum kr 100.000. Dette er summar som kan vere viktige for små og mellomstore verksemder.

Storleiken på tilskotet vert sett ut frå dokumenterte inntektstap som følgje av nedstenging og/eller ekstrakostnader som følgje av smitteverntiltak. Mengda godkjende søknader vil spele inn på storleiken på dei einskilde tildelingane. Ved stor søknadsmengd vil søkjarane med minst tap/ekstrakostnader kunne få avslag sjølv om dei elles innfrir kriteria. Kommunedirektør tilrår at tildelinga skjer etter følgande prioritering:

​1. Søknader frå verksemder som ikkje har fått tilskot frå Kommunal kompensasjonsordning 2021

2. Søknader frå verksemder som fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane

3. Søknader frå verksemder som er spesielt ramma økonomisk av nasjonale eller lokale koronatiltak, først og fremst dei som har måtte stenge eller fått kraftig redusert (areal- )rammer for drift.

 

Krav til vedlegg/dokumentasjon:

· Søkar skal gje ei kortfatta utgreiing på korleis smitteverntiltaka og nedstenging har påverka økonomien (omsetningssvikt, tap eller meirkostnader), og kva avbøtande tiltak som eventuelt er gjort.

​· Søkar må vise til om de har falt heilt eller delvis ut av andre kompensasjonsordningar som er gitt som følge av Covid-19.

· Søker må kunne vise til fall i omsetning samanlikna med tilsvarande periodar tidlegare. Regnskapet for 2020 skal samanliknast mot tidligare år. Det må føreligge dokumentasjon med erklæring frå revisor/regnskapsfører.

· Det må opplysast i søknaden om selskapet har motteke støtte frå andre kompensasjonsordningar i 2020 og 2021, som følge av koronapandemien, og i tilfelle gjennom kva ordning og kor mye.

· Det må opplysast om/kva verksemda har motteke i bagatellmessige støtte for dei siste tre åra. Verksemda kan ikkje få meir enn EUR 200.000 i bagatellmessig støtte i treårsperioden. 739 Kvinnherad kommune side 3

· Skatteattest skal leggast ved søknaden. Verksemda kan ikkje vere insolvent, under konkursbehandling eller under avvikling.

For meir informasjon om ordninga sjå og «Tilskuddsbrev fra Kommunal og moderniseringsdepartementet» https://www.regjeringen.no/contentassets/b36aedd2883d4926841fc8f590ec4bae/statsbudsjett-2021-tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonso1421472.pdf

Vedlegg til søknadsskjema:

  • Ei skildring av bakgrunnen for søknaden som omhandlar kvifor søkar har omsetningssvikt og/eller meirkostnader og ei spesifisering av tapt omsetning og/eller meirkostnader som viser korleis søkar har kome fram til søknadsbeløpet
  • Årsregnskap for 2019 (referanseår) og årsregnskap for 2020 og første halvår 2021

Søknaden er basert på tillit, men stadfesting frå rekneskapsførar/revisor kan bli etterspurd.  

Kostnader som er dekka gjennom andre kompensasjonsordningar støttast ikkje.

Søknad:
Søknad skal registrerast på www.regionalforvaltning.no.

Opprett brukar (dersom du ikkje allereie har brukarid) og vel «Logg inn». Legg inn «Kvinnherad kommune» i søkefeltet og vel «Kvinnherad kommune – Kommunal kompensasjonsordning – runde 3». Fyll ut søknadsskjema så nøyaktig som mogleg.

Søknadsfrist 30. september 2021 kl. 24.00.

Utbetaling av tilskotet:
Tilskotet vert utbetalt seinast 31. oktober 2021 til kontonummeret som er oppgitt i søknaden.

Kontaktperson i Kvinnherad kommune er Grete Solheim: grete.solheim@kvinnherad.kommune.no

 

Søknaden er basert på tillit, men stadfesting frå rekneskapsførar/revisor kan bli etterspurd.  

Kostnader som er dekka gjennom andre kompensasjonsordningar støttast ikkje.

 

 

 

 

Støtte frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er spesielt råka av Covid-19.

Kvinnherad kommune har fått tildelt kr 1.199.798 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar, vil prioriterast.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.
  • Størrelse på verksemda og mogleg tap vil vektleggast.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Kvinnherad. 

Korleis søke om støtte?

Søknad opprettast i www.regionalforvaltning.no

  1. Opprett brukar (dersom du ikkje allereie har brukar) – Logg inn
  2. Søk opp støtteordning – søk på Kvinnherad vel Kommunal kompensasjonsordning
  3. Fyll ut alle felt – legg ved vedlegg og send inn

Informasjon om økonomi:

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging

  1. Tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
  2. Oversikt over ekstra kostnader til smitteverntiltak
  3. Andre kostnader

Utskrift av regnskap, mva. oppgåve, forklaring eller anna dokumentasjon lastast opp som vedlegg. Opplys om ein har motteke anna offentleg støtte. Skatteattest skal leggast ved. Det er krav om at det ikkje er skyldig offentlege skattar og avgifter.

Meir informasjon om søknadsskjema kan du finne her: Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter : REGIONALFORVALTNING.no - Brukerstøtte

Vurdering av søknadar
Formannskapet i Kvinnherad kommune behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen. 

For ytterlegare informasjon, sjå:  https://www.regjeringen.no/contentassets/25112a24a5764908bec35e653933a066/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-.pdf

Søknadsfrist

15.4-2021 

Anna informasjon

  • Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.
  • Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m. Midlane blir tildelt etter KMD prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien. Tildelingsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har referanse 21/1215-2

Kontaktperson
Kontaktperson i kommunen er:

Grete Solheim, næringssjef Tlf.: 99 15 37 85 eller grete.solheim@kvinnherad.kommune.no

Margit Lund Mikkelson, rådgjevar reiseliv, Tlf.: 91 15 10 09 eller margit.lund-mikkelson@kvinnherad.kommune.no

Informasjon til servicenæringa - 29. april

Det er straks mai, det er fine vårdagar og det kjem stadig fleire tilreisande til kommunen vår.

Det er letta noko på restriksjonane, og nye føringar om gradvis opning av samfunnet har kome frå sentralt hald. Kvinnherad kommune har gjort nokre lokale vedtak for å ha kontroll på eit tidleg tidspunkt, no har me betre oversikt og har lagt opp til at me følgjer dei nasjonale råda som gjeld til ei kvar tid. Det er spesielt viktig no framover at alle er kjend med og følgjer desse, om me skal klara å halda nede det låge smittetalet hos oss i Kvinnherad, og elles i landet.

I samband med dette minner me om at dei nasjonale råda om å unngå unødige fritidsreiser framleis er gjeldande. Kommunen vil fortløpande vurdera konsekvensane dersom dette rådet ikkje ser ut til å ha noko effekt på turiststraumen hit, og me ber om at næringslivet – ved ansvarlege for butikkar, kafear, restaurantar, campingplasser og båthamner med meir – har fokus på, og legg til rette for å handtera den auka folkemengda som kjem hit.

Auka besøk betyr at den enkelte må auka ressursar i høve personale som skal ta i mot besøkjande, og at ein også har personale som ser til at smittevernreglar vert følgd i lokala – området, og at det er tilgang til vask/desinfeksjon for alle besøkjande. Det må sjølvsagt også leggjast til rette og passa på god nok, anbefalt avstand. I tillegg må reinhaldsrutinar trappast opp ytterlegare. Dersom nokon opplever at ein ikkje har nok kapasitet til å overhalda naudsynt reinhald ved til dømes sanitære anlegg, kundetoalett osb., lyt de vurdera å stengja desse.

Dersom nokon oppdagar avvik som går på tvers av nasjonale føringar for smittervern ynskjer kommunen å bli gjort merksam på dette. I arbeidstida når de oss frå kl. 0800 til 1500 på telefon: 534 83 100, utanom opningstid kan ein ringa vakttelefon: 903 61 111.

Beredskapsgruppa i kommunen har fleire møte i veka, også med brann og politi minst éin gong kvar veke. Me følgjer situasjonen nøye, og tek opp problemstillingar og nye utfordringar etter kvart som dei dukkar opp. Ikkje nøl med å kontakta oss om de treng råd eller bistand.

Ekstraordinære middel til næringsfondet - 11.september

Kvinnherad kommune har fått tildelt ekstraordinære middel til næringsfondet grunna Covid-19 pandemien.
Ordninga fell inn under "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 600 millionar kroner til kommunar som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 millionar kroner. Kvinnherad kommune har fått tildelt 1,6 millionar kroner av desse midla.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Kriterier frå KMD er:

  • Det skal nyttast www.Regionalforvaltning.no i utlysning, søknad og rapportering på bruk av verkemidla
  • Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar og skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig
  • Betyding for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet blir vektlagt
  • Kriteria for måloppnåing er utvikling i sysselsetting og tal arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk vekst
  • Støtta skal gis i tråd med regelverket om offentleg støtte

For Kvinnherad kommune sin del blir søknadsskjema lagt  ut på Regionalforvaltning.no med søknadsfrist 15. oktober og 15. november 2020. Kvinnherad kommune ønskjer i denne ordninga primært å støtte større tiltak.

Vurdering ved tildeling. Dei ekstraordinære midla kan gis som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnadar. Midla skal nyttast til varig næringsutvikling og ikkje som reine sysselsettingstiltak. Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast. Det er ønskeleg at innsatsen bidreg til å styrke digitalisering, sirkulærøkonomi og det grøne skiftet i næringslivet.

Bruken av kommunalt næringsfond må sjåast i samanheng med andre kommunale, regionale og statlige virkemiddel for å sikre best mogleg effekt og forhindre dobbeltfinansiering.  

Ved tildeling skal det leggast vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremmar auka aktivitet, auka sysselsetning og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motverke negative verknader av covid 19-utbrotet.
  3. kor raskt tiltaket kan settast i gang

Kvinnherad kommune skal vurdere måloppnåing og rapportere tilbake til KMD om:

  1. Utviklinga i sysselsetting og antall arbeidsplassar
  2. Utviklinga i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Tilskot 
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Tilskotet blir gitt etter reglane for offentleg støtte, og gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelige gruppeunntaket skal følgast. Alle tilskot gitt etter regla om offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Midla skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal dokumenterast i søknaden og midlar tildelt på feilaktig grunnlag skal tilbakebetalast.

Søknader og saksbehandling
Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendes inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen som post eller e- post. 
Søknadsfrist er 15. oktober 2020.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. Det kan søkast om utsetting.

Utbetaling

Tilskot blir utbetalt etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etterkvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal komme i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.