Kunngjering av førehandsrøysting i Kvinnherad kommune ved Stortings- og sametingsvalet 2021

Valstyret i Kvinnherad kommune har vedteke at det skal vera mottak av førehandsstemmer i perioden 10.08.21 – 10.09.21. Manntalsførte kan førehandsstemma i alle kommunar i Norge. Stemmegjevinga vil verta send til den kommunen du er manntalsført i for oppteljing.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemma. Det er ynskjeleg at du tar med valkort. Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete.
 

Rådhuset i Rosendal
Kvardagar frå og med tirsdag 10.08. til og med fredag 10.09.
Opningstider kl. 08.00 – 15.00.
Langdagar torsdagar i veke 33, 34 og 35. til kl. 17.00
Laurdag 04.09. kl. 11-14.00
Fredag 10.09. vert mottak avslutta kl. 1400
 

Kvinnherad Bibliotek:
Vekedagar frå og med 10.08. til og med fredag 10.09.
Opningstider kl. 11.00 - 16.00
Lørdagar kl. 11.00. – 14.00
Fredag 10. september vert mottak avslutta kl. 1400
 

Hatlestrand skule:
Mandag til fredag (kvar veke frå 11.08.)
Opningstider kl. 09.30 – 14.00.
 

Øyatun skule:
Mandag til fredag (kvar veke frå 11.08.)
Opningstider kl. 09.30 – 14.00
 

Mottak av førehandsstemmer på fylgjande stader:
Fjelberg bygdahus 25.08. kl. 15.00-17.00
Kvinnherad Vidaregåande 26.08. kl. 08.30-10.30
Varaldsøy, Trå skule 31.08. kl. 16.00-18.00
Åkra skule 07.09. kl. 17.00-19.00
Uskedalen aktivitetshus 08.09 kl. 12.00-18.00
Uskedalen aktivitetshus 09.09. kl. 12.00-18.00

Mottak av førehandsstemmer på helse- og omsorgsinstitusjonar:
Halsnøytunet 25.08. kl. 11.00-13.00
Ølve Alderspensjonat 31.08. kl. 16.30-18.30
Rosendalstunet 01.09. kl. 12.00-14.00
Husnestunet 03.09. kl. 10.00-12.00
Helse Fonna, Valen Sjukehus 03.09. kl. 13.00-15.00

Ambulerande stemmemottak (i heimen) veke 36.
Ved stortingsvalet 2021 kan manntalsførte som ikkje kan stemma på grunn av sjukdom, er uføre eller har isolasjonsplikt grunna covid-19, etter søknad til valstyret førehandsstemma der dei oppheld seg. Søknaden må vera motteken av valadministrasjonen i Kvinnherad kommune innan fredag 10. september kl. 10.00.
 

Valstyret i Kvinnherad kommune

Kunngjering om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Kvinnherad kommune har lagt ut manntalet til ettersyn her:

Kvinnherad Rådhus i Rosendal
Kvinnherad Bibliotek på Husnes

Manntalet vil liggje ute til ettersyn fram til valdagen 13. september 2021. Manntalet kan ikkje leggjast ut på internett, jfr. Folkeregisterlova § 13.

Krav om retting av feil skal stilast til:
Valstyret i Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal eller til post@kvinnherad.kommune.no