Kontaktinformasjon

Mange tek kontakt med kommunen vedkomande koronavirus – covid19.

Kvinnherad kommune har ei eiga mailadresse covid19@kvinnherad.kommune.no der du kan henvenda deg om du har generelle spørsmål om lokale korona-tiltak og vaksinasjon. NB! Ikkje send personopplysningar på e-post, helseopplysningar m.m.

Mailen er bemanna i ordinær arbeidstid på dagtid. Dersom det hastar å få svar, ta kontakt med koronatelefonen, fastlege, eventuelt legevakt.

Er du i tvil om du treng å testa deg kan du rådføra deg med helsepersonell først - ring koronatelefon:  908 60 166. Då reserverer vi tid til deg dersom du bør testast. Ha klart personnummer før du ringer. Det gjeld òg når du ringer på vegner av andre. Om du må venta ei stund før du får svar, er det fordi operatørane er opptatt med andre som ringer.

På folkehelseinstituttet får ein informasjon om koronaviruset som vert fortløpande oppdatert.

Folkehelseinstituttet om smittsame sjukdomar

  1. Dersom du ikkje finn svar på fhi.no, ring: 815 55 015 

  2. Dersom du trur du kan vera smitta, ring koronatelefonen: 908 60 166 (ope måndag til fredag frå kl 08:00-10:00 og kl 13:30 -14:30)

  3. Er du sjuk og treng legehjelp, ring fastlegen. Eventuelt ring legevakt: 116 117

Helsedirektoratet har opna informasjonstelefon for spørsmål om korona. Informasjonstelefonen er oppretta for å avlaste medisinsk naudtelefon og andre delar av helsetenesten. Samstundes ber Helsedirektoratet folk om å lese informasjon på nett før dei ringer. Nummeret til informasjonstelefonen er 815 55 015.

Psykisk helse for barn og unge er tilgjengeleg på telefon.

Her kan barn, unge og foreldre ta kontakt.  Ein treng ikkje vere tilvist tidlegare.

Anne Margrethe Vangsnes: 416 54 603
Siv Karin Stensletten: 481 93 521
Sturla Helland: 970 24 320
Adalbjörg Heidur Björgvinsdottir: 960 46 009 
 

Tilbod til pårørande

Mange pårørande er bekymra og føler seg ekstra belasta i desse dagar. Barn og unge som er pårørande er spesielt utsett no. Pårørendesenteret i Oslo (PIO) har eit nasjonalt tilbod til denne gruppa kor dei mellom anna gir råd om korleis ein kan mestre livssituasjonen som pårørande.

Tilbod hjå PIO:

Nav
Ved akutt behov for hjelp.
Dersom du har akutt behov for å snakka med nokon om korttidsstønad eller har akutt trong for mellombels stad å bu, kan du ringa tlf. 412 885 22.