Er du interessert i å melda deg som meddommar?

Den som skal veljast må ha tilstrekkelege norskkunnskapar og vera personleg eigna for oppgåva.
Ein må òg:

  • vera mellom 21 og 70 år
  • stå innført i manntalet i kommunen
  • få vandelen kontrollert

Samansetjing av utvala skal så langt råd er samsvara med befolkninga i kommunen. Kommunestyret vil velja ut meddommarar etter alder/kjønn/yrke/etnisk bakgrunn.

Du finn fleire opplysingar på nettsida til Domstolen

Er du interessert kan du senda melding med desse opplysingane:

  • fullt namn
  • adresse 
  • fødselsnummer
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • yrke og stilling

Skriv òg kva rettsinstans du ynskjer: Haugaland og Sunnhordland tingrett, Gulating lagmannsrett eller Haugaland og Sunnhordland jordskifterett (eller alle).

Send opplysingane til:

Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Eller på e-post til: post@kvinnherad.kommune.no 

Svarfrist er sett til 01.03.2024