Undervisninga er eit samarbeid med Verdigheitsenteret. I tre dagar skal deltakarane delta på undervisning der dei er lokalisert i virtuelle klasserom på Rosendalstunet og Husnestunet. I undervisinga er det lagt opp til forelesning, gruppearbeid, refleksjon, og individuelle oppgåver. 

I slutten av november skal dei ha tre dagar med fysisk oppmøte i lokala hos Bu- og habilitering i Herøysundet, der tilsette frå Verdigheitsenteret kjem for å gjennomføra praktisk trening og simulering med dei tilsette.