Avtroppande ordførar Hilde Enstad opna møtet med å mimra tilbake og nytta høve til å takka alle medarbeidarar på rådhuset, alle tilsette i Kvinnherad kommune,  samt alle menneska ho har møtt desse to åra. 

Hilde takkar for seg.jpg
- Sist men ikkje minst må eg få retta ei stor takk til varaordførar, Leif Sverre Enes. Takk for alle debattar, diskusjonar og nesten-kranglar på kontoret. Vi har alltid klart å snakka oss einige og landa på gode løysingar – på jobb for Kvinnherad kommune og ikkje oss sjølve.

Vegard får ordførarkjede[1].jpg
-No får Kvinnherad kommune ein halv meter høgare ordførar, sa Hilde då ho overrekte ordførarkjede.

Vegard Bjørnevik ser fram til å ta fatt på oppgåva som ny ordførar, og takka for tilliten.
- Saman skal vi fatta viktige vedtak for heile den langstrakte kommunen vår. Eg ser verkeleg fram til dette og skal gjera mitt ytste, smilte Bjørnevik.

Thea Vaage.jpg
Thea Vaage er ny varaordførar.

Møte kan du sjå her (Blir sendt live og publisert i ettertid)