INFORMASJONSMØTE – NY DATO
Kvinnherad kommune må utsette informasjonsmøtet om kollektivterminal og sentrumsveg som skal vere i Festsalen på kultursenteret. Dette på grunn av smitteverntiltaka som no gjeld.
Nytt tidspunkt vert onsdag 20. januar kl. 17.30.
HUSK PÅMELDING!
 
 
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 varslar Kvinnherad kommune om oppstart av detaljregulering for Husnes kollektivterminal og sentrumsveg, 144/68 m. fl. PlanID 20200011
 
Det er føresett å opphevde delar av følgjande 2 planar:
PlanID 20110009 Byen Husnes - 143/5 og 144/5 m.fl. – Husnes
PlanID 19650001 Troåslia Bustadfelt
 
Kommunen har knytt til seg Asplan Viak AS som konsulent for å hjelpe til med planarbeidet og prosessane.
 
Bakgrunn
I Budsjett 2019 vedtok kommunestyret å setje av midlar til nytt kollektivknutepunkt og utbetring av sentrumsvegen. Dette også i samband med tilkomst til bustadområde ikring.
Det er trong for å tilpasse tilkomstar og kollektivknutepunkt til ny sentrumsveg, men då det i gjeldande reguleringsplan er fleire avvik med omsyn til breidde og kurve på vegen, er det trong for ein justert reguleringsplan.
For å vere sikre på at ein no får eit godt utgangspunkt for ei justert detaljregulering, er det difor utarbeidd utkast til byggjeplanar. Desse er lagt fram som eit planinitiativ i samband med oppstart av planarbeidet.
 
Føremålet
Formålet med planen er å auke standarden på Sentrumsvegen gjennom Regionsenteret Husnes, forbetre framkoma for kollektivtrafikken og sikre eit samanhengande tilbod for mjuke trafikantar.
Det er difor trong for å endre kollektivknutepunktet og legge om sentrumsvegen. Dette medfører også endring av felt S10 i gjeldande reguleringsplan.
Etter dialog med Skyss er det også trong for eit større areal til kollektivterminal, som har medført behov for omlegging av Sentrumsvegen. Ved felt S10 i gjeldande plan, er Sentrumsvegen retta ut for å få til ei betre kryssløysing. Det er planlagt utbygging av ny kollektivterminal for 6 busser, og det er også vurdert å legge til rette for parkeringsanlegg ved Aksen og Storsenteret.
 
Planområdet
Ny detaljregulering er planlagt å omfatte del av Sentrumsvegen frå Husnes Sentrum Hotell, til like før krysset Sentrumsvegen – Heiamyro. Sideareal langs vegen samt parkeringsområde til Husnes Storsenter er også inkludert i den foreslåtte plangrensa.
Varslingsområdet er på ca. 33,4 daa, og kartskissa under viser den maksimale utstrekninga planen kan få.
 
Kunngjering - PlanID20200011.PNG
 
Planstatus
I arealdelen til kommuneplanen er dei råka områda viste som sentrumsføremål.
I detaljregulering for byen Husnes er planområdet vist som formål for samferdselsanlegg, kollektivterminal og sentrumsføremål.
I detaljregulering for Troåslia Bustadfelt er planområdet vist som offentleg grøntområde.
 
Om planarbeidet og råka eigedomar
Kommunen planlegg å etablerast ny kollektivterminal, regulert veganlegg med fortau, avkøyrsler og utbetring av kryss. Med dette så vil ein betre trafikkavviklinga i Husnes sentrum. Utvida og samanhengande fortau ivaretek dei mjuke trafikantane, og gjer det mogleg å tilfredsstille krav til universell utforming.
 
Sollia burettslag blir påverka av planarbeidet, og Sentrumsvegen kjem nærare nokre eigedommar enn i gjeldande reguleringsplan. Grunneigar av felt S10, Husnes Storsenter, får redusert areal på grunn av utretting av sentrumsvegen. I planarbeidet skal også trong for parkering og varelevering for råka verksemder i Husnes sentrum utgreiast.
Dei positive verknadene av planarbeidet er likevel at bebuarar og besøkande i Regionsenteret Husnes får eit betra kollektivtilbod og ein auka standard for mjuke trafikantar langs Sentrumsvegen.
 
Om konsekvensutgreiing
Trong for konsekvensutgreiing (KU) er vurdert og Kvinnherad kommune har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for KU. Vurderinga er gjort etter forskrift om konsekvensutgreiing. Viktige tema vil likevel verte utgreidde eller vurdert i planomtale og risiko- og sårbarheitsanalyse. Dette gjeld konsekvensar for naturmangfald, trafikktryggleik, overvasshandtering og eventuelt støy frå vegtrafikk.
 
INFORMASJONSMØTE
Det vert informasjons- og innspelsmøte for råka partar og naboar 20.01.2021 kl. 17.30 i Festsalen på Kvinnherad kultursenter.
Me ynskjer påmelding pga. koronasituasjonen. Dersom det vert for mange påmelde til eit møte, så vil ein vurdere fleire møter.
Påmelding kan sendast til Anne-Lise Næs på e-post: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no
 
Meir informasjon
På kommunen si postliste finn de mellom anna sak 2020/3228 med referat frå oppstartsmøte, og vedlagt planinitiativ; http://82.134.72.200/eInnsynKK
 
Innspel til oppstartsmelding
Innspel skal sendast skriftleg til: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, eller til post@kvinnherad.kommune.no
 
Frist for innspel er sett til 29.01.2021
 
Vidare saksgang
Etter fristen for merknader er gått ut, vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter lagt til politisk behandling. Etter fyrste gongs behandling i planutvalet, vert planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å kome med merknader før vidare politisk behandling.
 
Ta kontakt ved spørsmål: : anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no