Det skal utløysast tyfonvarsel kl. 12.00 den 14.juni. Samstundes vil naudvarsel sendast til telefonar kopla til 4G eller 5G rundt same klokkeslett. Varslingsprøven gjerast over heile landet, og alle mobiltelefonar vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane ular.

– Varslingsprøven vil kunna merkast godt denne gongen, spesielt der mange menneske er samla og mange mobilar vil spela av lyd samtidig. Snakk gjerne med dine næraste - barn, eldre og andre rundt deg på førehand, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test, oppmodar Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

Telefonen må vera i flymodus eller slått av viss ein ikkje skal få varselet. Varselet vil vera ein høg lyd i ti sekund, og med ei melding som opplyser at det er ein naudvarsel. Telefonar med utanlandsk nummer vil få meldinga på engelsk.

Det er politiet som sender ut test av naudvarsel på mobil, og Sivilforsvaret som testar tyfonane.

Du kan lesa meir om naudvarsel her