Eining for Barn og familie startar opp med COS-P (Tryggleikssirkelen) foreldregrupper på Husnes. 

COS-P rettar seg mot foreldra si evne til å forstå barnet sine grunnleggjande behov for tryggleik, å høyre til og autonomi. Når barnet sine behov blir forstått vil barnet si kjensle av tryggleik og forståing av seg sjølv auke. Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.

Tilbakemelding frå foreldre som har delteke tidlegare;

«Dette anbefaler vi for alle»

«Dette er også for foreldre som ikkje kjenner eit stort behov for rettleiing»

«Samlingane gir ei større forståing for barnet sine behov og reaksjonar»

Første samling startar torsdag 8. februar kl. 14.00. Vi set av ca. 1,5 time ein gong i veka, 8 gongar. Samlinga er gratis og oppmøteplass er Kulturhuset, møterom 1 og 2. 

Påmelding til første samlingsrekke: 
Anette Huse, tlf. 48 86 27 13 og Martha Gjevre Tjelle, tlf. 46 91 78 89

Andre samling startar tysdag 20. februar kl. 17.30. Oppmøteplass Kulturhuset, møterom 1 og 2.

Påmelding til andre samlingsrekke: Siv Karin Stensletten 48 19 35 21 og Linda Saghaug 90 36 83 61

 

Her finn du meir informasjon om familiestøtte og COS-P