SOMMARSKULEN ER EIT GRATIS TILBOD TIL ELEVAR I KVINNHERAD KOMMUNE SOM ER FERDIGE MED 4. – 10. TRINN SKULEÅRET 2020/2021 

 

Sommarskulen er eit tilbod for elevar som ynskjer å bruke litt av sommarferien til å læra noko nytt, fordjupe seg i eit tema eller berre få nokre nye og kjekke opplevingar og nye vennskap! 

 

(Oppdatert 10.05.21: Det er no opna for at elevar frå 4. klasse (og opp til 10. klasse) kan melda seg på idrett og sportsaktivitetar)

Om sommarskulen

  • Kursa vil finne stad i veke 25, 26 og 27 frå måndag til fredag. 
  • Felles mål for alle kursa er at elevane skal læra noko nytt gjennom kjekke opplevingar i eit trygt, aktivt og sosialt læringsmiljø. 
  • Kursa vil innehalde ulike tema, praktiske- og fysiske aktivitetar.  

Påmelding

  • Her kan du melda deg på: Sommarskule 2021
  • Frist for påmelding er 18. mai
  • Alle kursa er gratis. 
  • Kvart kurs vil vare i 2- 5 dagar og ha 12 plassar per kurs. 
  • Kvar elev får delta på eitt kurs (ei veke totalt). Kvar elev melder inn prioritert rekkefølge på to kurs dei ynskjer å delta på. Vi prøver å gje alle plass på første prioritet. 
  • Dersom det er fleire søkarar enn plassar vert det trekt lodd om deltaking på kursa.  
  • I svaret vil du få beskjed om du har fått plass på det ønska kurset, eller om du er på venteliste.
  • Dersom du likevel ikkje ønsker plassen, håpar vi at du melder deg av så snart du kan, slik at andre kan få plassen. Dersom ein melder seg av sommarskulen etter 10. juni kjem eit gebyr på 200 kronar.  
  • Fråvær/sjukdom vert meldt direkte til prosjektleiar for sommarskulen Anne Marthe Zimmer, tlf: 90 21 35 86.

Særskild tilrettelegging

Vi ynskjer at alle som vil skal kunne melde seg på sommarskulen. Alle har same sjanse til å få plass uavhengig om du treng tilrettelegging eller ikkje. Særskild tilrettelegging kan til dømes gjelde ved sosiale utfordringar, funksjonsnedsettingar eller bruk av medisin. Er du usikker på om det er behov for særskild tilrettelegging for ditt barn må du gjerne ta kontakt med Anne Marthe Zimmer på telefon 90213586 

Ved påmelding legg du inn eventuelle behov for tilrettelegging. Vi kan tilrettelegge innafor dei gjeldande gruppestørrelsane, slik at alle vert ivaretekne innanfor eit inkluderande fellesskap.  

Oppmøte og deltaking

  • Sommarskulen har base på Husnes og Rosendal. Nokre kurs har anna oppmøte stad, dette vil bli presisert i kursomtalen.  
  • Oppmøte for transport til kursa er kl. 08:30 og 15:30 ved barneskulane på Husnes og i Rosendal.  
  • Kursa startar kl. 09.00 og varer til kl. 15.00. Nokre kurs vil ha avvik frå dette. Dette vil bli presisert i kursomtalen.
  • Nokre av kursa inneber overnatting. 
  • Elevane må ha med klede etter forholda. 
  • Det vil bli servert gratis lunsj kvar dag. På kurs som inneber overnatting vil mat vera inkludert.  

Organisering

  • Vi deler elevane etter aldersgrupper så godt det let seg gjera innad i kursa. 
  • Nokre av kursa vil vere for begge aldersgruppene. 
  • Vi tek omsyn til smittevern i forhold til pandemien og føl gjeldande reglar frå fhi.no  
  • Alle kursleiarar ved sommarskulen har levert politiattest, og er handplukka for å sikre gode faglege og sosiale opplevingar for elevane.  


HER KAN DU LESA OM DEI ULIKE KURSTILBODA:

Friluftsliv og musikk

Friluftsliv

Her vil ein læra og praktisera alt frå korleis ein planlegg turar, førstehjelp på tur, og korleis ein kan bruke kart og kompass. Ein vil også utforska samanhengen mellom vatn, bre og landskapet som er rundt oss. Etter teori og ei fordjuping i utstillinga på Folgefonnsenteret, pakkar ein sekken og knyt turskoa for å utforska naturen. Ein vil saman gå turar i dei flotte omgivnadane som er rundt oss, og lære å lage mat ute i naturen.  

 

Kursleiar: Kurset er i regi av Sara Nonås Langhelle som er naturvegleiar hos besøkssenteret Folgefonna nasjonalpark. Ho har utdanning i friluftsliv, kultur – og naturvegleiing 

Kven kan søke: Elevar frå 4. – 10. klasse. 

Kursstad: Besøkssenteret Folgefonna nasjonalpark i Rosendal. 

Praktisk informasjon: Ta med klede som er tilpassa været. 

Musikk

Elevane skal lære seg nokre enkle verktøy for å kommunisera gjennom lyd. Forhåpentlegvis vil dei oppdaga at det å laga musikk ikkje er einstydande med talent eller ferdigheiter, men at ein gjennom leik og utprøving vil få øyra, kroppen og hjarta opp for kva musikk kan vera.  

 

Dei vil gjennom kurset læra om ulike parameter i musikk, arbeide med å lytte til andre og seg sjølv, samt oppdaga lydar og instrument utanom dei objekta ein vanlegvis tenker på som instrument.  

 

Deltakaren må gjerne ha med eigne instrument eller ting dei synst er interessante reint lydmessig, men det er likevel ikkje eit krav at ein må spele eit instrument eller kunne noko om musikk for å delta på kurset. Dei heilt nødvendige eigenskapane derimot, er leikenheit, openheit og nysgjerrigheit.  

 

Kurseleiar:  Christian Meaas Svendsen som er utdanna musikar. Både innan jazz, improvisasjon og klassisk musikk. Han har turnert verda rundt med eigne prosjekt.  

Kven kan søke: Elevar frå  4. – 10. Klasse.  

Kursstad: Malmanger skule 

 

compass-4891499_1920.jpgguy-1303729_1920.jpg

Idrett og sportsaktivitetar

Likar du forskjellige idrettar og å vere aktiv saman med andre? Dette kurset i idrett og sportsaktivitetar vil gje deg ei innføring i nettopp dette. Volleyball, handball, innebandy og symjing er nokre stikkord som vil famna dette kurset. Aktivitetane vil ta plass både inne og ute. Om du har forkunnskap eller ikkje om dei ulike idrettane, vil dette kurset  kunne gje deg moglegheit til å både utøve og utdjupe kunnskapane dine. Dagane i kurset vil vera delt inn i teknikkøvingar, etterfølgt av turneringar der ein saman utfoldar seg i bevegelse og sunn konkurranse.  

 

Kursleiarar: Johanne Skard og Solveig Mikkelsen som er 4. års lærarstudentar med fordjuping i idrett, og har med dette erfaring med å vera pedagogiske roller over store elevgrupper.  

Kven kan søke: Elever frå 4.- 10. Klasse. 

Kursstad: Møte utanfor Husnes ungdomsskule. 

Praktisk informasjon: Ta med klede som kan brukast i aktivitet. 

handball-2361778_1920.jpg

volleyball-1544453_1920.jpg

 

Opplevingstur til Åkra

Ein treng ikkje å reise langt for å få gode opplevingar! I år ynskjer Kvinnherad sommarskule i samarbeid med Smiedal aktivitetsferie i Åkra å tilby opplevingstur for ungdom. Vi overnattar alle saman i «gamlahuset». I huset har ein alt ein treng av fasilitetar for å laga mat og ha det kjekt saman. Utanfor hytta er det yrande gardsliv med ulike høns, kattar og hestar. Dei har og ein flott gapahuk som det er planlagt grilling i på kvelden. Det vil bli arrangert fisketur på fjorden, samt tur til Vikastølen. Her kan elevane sjølv velje om dei vil ri eller gå til fots.  

Kurset er i regi av: Ungdomslosane. 

Kven kan søke: Elevar på alderstrinnet 8. – 10. Klasse. 

Praktisk informasjon: Ta med gode sko, samt varme klede og klede som tåler å bli litt grisete. Ein må òg ha med sengetøy og toalettsaker. Elles tar du med det du ynskjer sjølv, du kan ta med brettspel, snacks eller anna. (Ungdomslosane har òg litt snacks med.) 

campfire-2848213_1920.jpgchickens-2522623_1920.jpg

Vekestur med seglskuta Gurine

Å vere mannskap på ei klassisk seglskute er ei oppleving for livet. Du vil få praktisk opplæring i ei rekkje dugleikar som trengs for trygt å handtere eit skip på denne størrelsen. Du vil få erfaring med til dømes å sette segl, navigere, tryggleik på sjøen, tauarbeid og å bruke ulike knop og stikk. Du vil få opplæring i vanlege arbeidsoppgåver om bord som rorvakt, utkikk, bøyevakt,seglvakt og byssevakt. Gjennom å fordjupe seg i segling vil du gjennom samarbeid og kjekke opplevingar utvikle både ny kunnskap og nye vennskap.   

 

Kursleiarar: Mannskap frå Gurine. 

Kven kan søke:  Elevar frå 4. til 10. Klasse. 

Oppmøtestad: Vi møtest i Skålafjæro måndag morgon for ein tryggleiksgjennomgang før me gjer skuta klar og set kursen ut i den flotte skjergarden som omgir oss.  

Vi returnerer til Skålafjæro fredag ettermiddag fulle av gode minner og opplevingar.   

Praktisk informasjon: Du må ha med godt med klede for all slags vær, sovepose og liggeunderlag.  

 

Seladon.jpg

dock-1477840_1920.jpg

Koding og svømming for kidsa

I dette kurset vil dagen starta med koding og avsluttast med symjeopplæring i bassenget. 

Intensjonen med “Lær Kidsa Koding” er å auke interesse for bruk av IT som digitalt verktøy på eit nivå som er relevant og passeleg utfordrande. I kurset vil ein skape forståing for korleis ein kan bruke teknologien som eit kreativt verktøy. Ein vil lære programmering og verta kjent med informatikk som fag, samt reflektere rundt korleis IT vil påverke oss i framtida. Elevane skal gjennom kurset få lage spel, lære å bruke Micro:BIT som er ein chip som har sensor for kompass, akslerasjon, magnetisme, varme og lys. Minecraft Education Edition vil også bli brukt i kurset. Kanskje ein til og med klarar å laga eigne robotar her? Etter nokre timar framføre skjermen, venter det bading i bassenget på Husnes.  

 

Kursleiarar: Karl Petter Vårdal og Stig Atle Sunde frå «Kidsa Koder Kvinnherad».  

Kven kan søke: elevar frå 4. til 10. Klasse.  

Kursstad: Husnes ungdomsskule  

Praktisk informasjon: Ta med din eigen PC dersom du ønsker det.  

 

laptop-1839876_1920.jpgswimming-821622_1920.jpg

Livet i fjorden og fjæra

I kurset vil ein gjera eit djupdukk om livet i fjorden og fjæra. Ein vil læra om dei ulike organismane og planteartane som utviklar seg her, både gjennom teori og oppdaging. Kursdagen vil starte med teori om kva som lever i strandsona, før ein reiser vidare til Valen for å vandre i stranda og sjå på det yrande livet i fjæra. Ein vil få vera med å setje og trekke garn. Håper ein får noko fisk, slik at ein kan dissekera og sjå på fiskens anatomi.  

 

Kursleiar: Knut Jan Kaldestad som har lang erfaring i undervisning i matematikk, kjemi og biologi.  

Kven kan søke: Elevar frå 4. – 10. klasse.  

Kursstad: Husnes Ungdomsskule. 

Praktisk informasjon: Ta med utekle og sko som eignar seg til å brukast i stranda.  

 

starfish-2305028_1920.jpg

 

Kunst og teikning

Dette er kurset for deg som ynskjer å vera kreativ og likar å skape noko med hendene. Elevane vil lære grunnleggande teknikk innan teikning med kolstift, samt om ulike kolreiskapar og korleis disse kan nyttast. Dei vil læra å skape lys og skygge for å få fram linjer og former i eit ansikt. Dei vil også lære om historia til Mangateikning og kva som er typiske trekk for denne kunstforma. Dei vil gjennom Mangateikning arbeide med å skape eigne karakterar, lære å fargelegge desse ved bruk av promarker og linjer for å framheva og skapa liv i karakteren.  

 

Kursleiar: Torill Berger arbeider som dramalærar og kunstlærar i Stord kulturskule.  

Kven kan søke: Elevar frå  7. – 10. Klasse.  

Kursstad: Valen i hovudhuset på den gamle Ritelleigedommen.

Praktisk informasjon: Dersom ein har smartphone eller nettbrett kan ein ta med dette.  

 

school-1974369_1920.jpgcharcoal-drawing-1558887_1920.jpg

Riding i Rosendal

Dette kurset er for deg som ynskjer å lære om hest og riding. Rosendal Rideklubb vil ha hestar og instruktør kor elevane lærer om hestestell og forskjellige gjeremål i stallen, hestens anatomi og ein vil lære seg grunnleggande rideteknikk og samspel med hesten.  

 

Kursleiar: Kathrine Skaala 

Kven kan søke: Elevar frå 4. – 10. klasse. 

Kursstad: Rosendal Rideklubb.

 

horseback-riding-3855677_1920.jpg