For å ha lovfesta rett til barnehageplass, må ein søkja innan fristen 15.02.2021. Følgjande kriteria må vera innfridd:

  • Det må vera søkt innan fristen, 15. februar 2021.
  • Søknadsfrist for å endra plass er 1. februar 2021.
  • Barnet må vera fylt eitt år innan utgongen av november.
  • Barn som fyller eitt år innan august 2021 har rett til plass i løpet av august månad.
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til å få plass innan den månaden dei fyller eitt år.
  • Retten til å få plass er oppfylt når de har fått tildelt plass i ein barnehage i Kvinnherad kommune.
  • I tillegg til hovudopptaket, kan ein søkja barnehageplass heile året. Barnehagane tek då inn barn etter kvart som dei har ledig plass.
  • Søknad om barnehageplass vert gjort elektronisk. Meir informasjon og lenkje til søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside:

https://www.kvinnherad.kommune.no/barnehagesoeknad.482136.nn.html