❤️🧡💛💚💙💜

Kvinnherad kommune ønskjer med denne handlinga å visa støtte til arrangementet Pride i dalen som går av stabelen laurdag 24. juni. 

Kvinnherad kommune støttar retten til å elska kven ein vil og feiring av mangfald. Grunnleggjande menneskerettar er under press fleire stadar i verda. Med pride-markeringa feirar vi kampane som er vunne og kampane som framleis står igjen å kjempa.

Ordførar Hilde Enstad oppmodar alle som har høve til det å støtta opp om Pride i dalen!

❤️🧡💛💚💙💜

pride.jpg
Varaordførar Leif Sverre Enes og ordførar Hilde Enstad frå pride-markeringa i fjor.

 

NB: flaggreglane gjeld ikkje prideflagg og kommuneflagg.