Oppmålingsforretning kan gå ut på å

  • klarlegge og skildre grenser og rettar knytt til fast eigedom (matrikkeleining)
  • merka og måla eksisterande grenser i marka i tråd med partane sine påstandar og framlagte dokument
  • skaffe alle opplysningar og all dokumentasjon som er naudsynt for å føre landet sitt offisielle register over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining må du først ha løyve frå kommunen etter plan-. og bygningslova før ei eining kan opprettast i matrikkelen.
  • merka og måla nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løysve etter plan- og bygningslova

Målgruppe

  • Personar som har grunnboksheimel som eigar til ein eigedom
  • Registrerte festarar av ein grunneigedom eller festegrunn
  • Personar som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste
Kriterie/vilkår
Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast om du skal:
  • Opprette ny matrikkeleining ved deling
  • Opprette del av grunneigedom eller jordsameige som eigen festegrunn for bortfeste i meir enn 10 år
  • Opprette varig eksklusiv bruksrett til ubygd uteareal for eigarseksjon
  • Registrere eksisterande umatrikulert grunneigedom eller festegrunn
  • Overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved arealoverføring eller grensejustering
  • Klarlegge eksisterande grenser
  • Sette ned grensemerker som er blitt vekke

Oppmålingsforretning må vere utført før det kan opprettast grunnbokblad for nye matrikkeleiningar.

Gebyr
Gebyr for tenesta finn du her.
 
Lover og forskrifter

Skjema/lenkjer

Sakshandsaming
Når rekvisisjon om oppmåling er motteke og det ikkje er avtala noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa som hovudregel innan 16 veker.
 
Klage
Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet du mottek matrikkelbrevet eller underretning om føring i matrikkelen. Heimelshavar, eigar og festarar som avgjerda har betydning for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.