Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
07. mai kl. 08:05

Smittetilfelle: 0

Les meir clear
error_outline
05. april kl. 13:24

Koronatelefon for testing: 908 60 166. Måndag til fredag frå klokka 08:00 til 10:00 og frå klokka 13:30 til 14:30.

Les meir clear

Oppdatert informasjon frå den tragiske hendinga på Varaldsøy

Kommunen si psykososiale støttegruppe har saman med innsatsleiar frå politiet og ordførar, i føremiddag vore til stades på beredskapssenteret som er opna på Varaldsøy. Dei frammøtte fekk orientering frå politiet om deira arbeid, og dei som ynskte det fekk samtalar med den psykososiale støttegruppa både i grupper og enkeltvis.

Den psykososiale gruppa har no avslutta arbeidet lokalt, men opnar opp for at dersom nokon ynskjer oppfølgjing kan ta kontakt direkte med gruppa.
Kontaktinfo: Mobil 91386185 eller 94621053.

Politet ynskjer også å formidla at dersom det er nokon som kan ha informasjon å dela omkring denne tragiske hendinga, må dei ta kontakt med politiet sin telefon 02800.

 

 

 

 

Publisert | Oppdatert 23. april 2021