Om Modige Talent

Hausten 2019 gjekk Modige Talent ut i media og inviterte barn og unge til å bli med på prosjektet.  Prosjektgruppa hadde lyst å skapa ein møteplass der det blir tilrettelagt for kreativ utfalding for den einskilde deltakar. Alle skal komme saman for å kunne skapa noko, som alle føler dei har eit eigarskap til. Fellesskapet skal vera trygt, føreseieleg og motiverande. Desse momenta skal vidare gje deltakarane ei auka meistringskjensle, som skapar meir robuste born og unge som gjer gode val. Som bonus blir det og skapa meir aktivitet og deltaking i det kulturelle miljøet i kommunen. Prosjektskapar sitt personlege mål var å gjera ein skilnad i livet til 3 deltakar og familien deira.

Rekruttering:

Ein av dei kritiske faktorane for gjennomføring av prosjektet, var rekrutteringa. Det var mange og lange diskusjonar om korleis ein skulle gå fram, for å nå fram til barn og unge som hadde lyst å vera med.

Rekrutteringa gjekk føre seg via sosiale plattformar, samt presseoppslag i lokalaviser. Prosjektet har kontakta foreldre, og direkte kontakt med enkelte deltakarar. Dette for å unngå sensitive element som stigmatisering, samt få fram engasjementet hjå den enkelte deltakar og foreldre.

Me opplevde veldig stor pågang, og måtte diverre setja eit tak og setja born på venteliste, pga. for liten arbeidskraft. 36 born og ungdomar har til no fått plass. 14 stk. per no på venteliste. Aldersspenn frå 5 til 16 år. Me har treft godt i rekrutteringa. Både med tanke på gruppa me ynskjer å nå ut til, og fordelinga geografisk i kommunen. Me har deltakar frå alle bygdene frå Rosendal til Sandvoll, fleire frå Halsnøy. Me trur at med meir arbeidskraft kan me treffa fleire i ungdomskulealder, og i «utkantstrøk» i den langstrakte kommunen vår. Mellom anna at me kan ha tid og folk til å arbeide med sosiale mediar i større grad en i dag. Me har og lyst å driva oppsøkande og direkte verksamheit inn mot skule, ungdomsklubbar, andre kommunale instansar som har ungdommar som sitt arbeidsfelt (t.d.: utekontakt, ungdomslos og div)

 

Gjennomføring av Modige Talent:

Per i dag er prosjektet drifta av prosjektleiar, som har ei 50% stilling. Der eksterne lærarkrefter er tenkt inn for å styrke det faglege innhaldet i læringa. Foreldra til deltakarane deltek og frivillig inn og hjelper til på ulike områder.

Prosjektet blei starta i januar 2020 med ein felles kickoff, der alle deltakerane vart samla. Alle fekk utdelt eit spørjeskjema (sjå eigen mal), og ut frå dette vart deltakerane delt inn i grupper, blanda saman i alder, kjønn og den einskilde sine ynskjer og behov.

Deltakarane møtes i 3 grupper på ettermiddagstid på Kulturhuset Husnes, 3 dagar i veka. Alle saman jobbar mot ei felles førestilling som skal vera i kinosalen laurdag 17 oktober. Kvar økt har fokus på å skape tryggleik, alle skal verte sett, få vera med å skapa og få utfalde seg kreativt på eiget initiativ.

Prosjektleiars rolle under øktene er meir ein tilretteleggjar enn ein lærar.
2 deltakarar er med prosjektleiar ein dag i veka på dagtid. Dette er elevar som har sosialt vanskelege og strevsame dagar på skulen. Dei er med 2 skuletimar. Dei kjem aldri for seint, og møter til avtalt tid!  Dei gleder seg veldig og er med og tek ansvar for mykje arbeid som skal gjerast med Modige Talent. Døme på dette er å klargjera stolar og rom, kopiere på fellesark, dei er med å planlegg korleis ting kan sjå ut under førestillinga, kva me må ha med i programmet, kostymeteikning og planlegging rundt dette. Dei får ansvar, og dei tek ansvar. Dei har stort eigarskap til det me held på med.

 

Episodar frå «kvardagen» i Modige talent:

Det er mykje friviljug engasjement og arbeid i heile prosessen.

T.d. er det til førestillinga tenkt at ei jente frå ungdomskuletrinnet skal ta bilete av deltakarane under øvinga, og få laga si eiga fotoutstilling til denne dagen. Den skal stå i foajeen. Dette er ei jente som ikkje er oppteken av å stå på scena, men har lite fritidsaktivitetar, og som oss alle har ei historie bak seg. Og så er ho veldig glad i born. Ho skal vera med oss når ho ynskjer, ho skal vera ein del av eit fellesskap, og me gleder oss veldig til å sjå utstillinga hennar.

Ein gut på 12 år som er deltakar i prosjektet er veldig oppteken av lys. Han har fått sin eigen mentor. Her har me teke kontakt med ein som jobbar med lys og lyd på fritida si. Han skal vera med denne deltakaren, og laga sitt heilt eige nummer til førestillinga. Han skal fylgja denne guten, og vera med oss i alle øktene. Dei saman skal gjere alt arbeidet, og skapa tidenes lys show!

 

Det er fleire godt vaksne damer, som har meldt inn at dei ynskjer å vera med å bidra inn i øktene våre.Dei har eit ynskje om å vera tilstades, kanskje eit fang å sittja på og lesa ei bok. Steika vafler og laga saft er ting dei har lyst å bidra med. Dette ser me på som verdifulle relasjonar både for den som gir og den som tek i mot.

Ei jente som sa at ho var glad i å teikne, blei utfordra til å lage ein logo til prosjektet. Denne logoen vart kjempeflott, og vil vera med på alle plakatar og program for prosjektet.

Dette er nokre dømer på korleis me jobbar med å dra inn forskjellige som er friviljuge og ynskjer å bidra og gjera ein forskjell.

 

Noko av det me har oppnådd til no:
             -          God rekruttering, truffe godt i målgruppa for deltakerar. Det store engasjementet viser og behovet for eit slikt prosjekt i kommunen.

-          Opparbeid kostymelager på frivillig basis

-          Engasjert foreldregruppe

-          Engasjerte deltakerar

-          Fulle deltakarlister.

-          Gode individuelle planar for den einskilde, ut frå kva dei sjølv har ynskja.

-          Ei særs takknemleg foreldregruppe

-          Lukkast i at deltakerane opplev meistring

-          Mange deltakerar som tek mykje ansvar

-          Utforma eigen logo, teikna av ein deltakar på 7 år

            -          Stor breidde av ansvarsfordeling til alle deltakerane i førestillinga

            -          Rekruttert frivillig arbeid til fleire naudsynte oppgåver
           
            -           Lukkast i stor grad med å skapa samarbeid, der deltakerane hjelp kverandre med å nå sine mål, uavhengig av alder, talent, status og økonomi

            -          Lukkast i at den enkelte deltakar vert sett for den ein er

            -          Deltakarar og alle rundt har fått eigarskap til Modige talent

 

Utgangspunktet då me starta var at me var 4 som skulle arbeide med gruppene, og ha førestilling før sommaren. Grunna situasjonen med covid-19 vart alt utsett, og me fekk eit stort opphald der me ikkje fekk møte kvarandre. Me hadde berre ei samling før sommarferien.

Av diverse grunnar står prosjektleiar no igjen aleine med all koordinering av frivillig arbeid, produksjonen, dialog med foreldre, alt kreativt arbeid samt utføring av øktene i gruppene. Målsettinga er at me skal ha ei førestilling 17. oktober. Dette gir oss 5 samlingar i gruppene før førestillinga, i tillegg til dagar med alle samla i forkant av førestilling.

 

Vidareføring av prosjekt

Per dags dato har prosjektet midlar til å blir drifta ut mars 2021. Derfor jobbast det no iherdig, i tillegg til å få på plass ei førestilling, med å sikre økonomi til å få vidareført det gode arbeidet som er lagt ned til no. Sidan det har vore så stor pågang på barn og unge som har hatt lyst å delta, syns prosjektgruppa at det er synd om ikkje prosjektet får halde på i ei god stund vidare. Covid 19-pandemien har og gjort at prosjektgruppa føler at prosjektet ikkje har fått, eller kjem til å få, vise sitt fulle potensiale før pandemien er over.

Om «Modige talent» får bli med i program for folkehelse, så vil ein og kunne knytte seg opp mot forskingsmiljøa på Vestlandet. Dette vil hjelpe prosjektgruppa med å kunne finne ut om effekten av «Modige talent», er virkeleg så stor som me trur at prosjekt av denne typen har.

 

Med hjarte for alle våre deltakarar og samarbeidspartnarar i dette prosjektet brenn me for dette arbeidet. Me meiner at denne type arbeid er viktig til ei kvar tid.

I tidene som kjem framover, med utfordringane me står ovanføre med å vera mindre saman, distansera oss frå andre, samt at kjensler som skam, einsemd og utanforskap veks i oss alle, er denne type prosjekt viktigare en nokon gong.